Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Arbeidet - Bondesamfundets utviklingsformer
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Bondesa mfu ndets utvikl ingsfo r mer 123
anna greidt korleis sumt av den skiftande terminologien
i dei ulike stroki av landet gjeng att i protokollane.
For det andre vil desse utdragi koma vel med når
eit innsamlingsarbeid i større stil kanskje um eit par år
vert sett i gang. Kvar medarbeidar bør då, trur eg, få
ei avskrift av upplysningane for det stoket han skal fara
yver. I minsto hev eg sjølv havt god hjelp av upp
gåvone frå 1723 der eg hev fare. Til det seinare ar
beidet med tilfanget vil det like eins verta bruk for
utdragi.
Det er klårt at ein etter kvart vil verta nøydd til å
gå gjenom mange andre kjeldor, både i arkivi og andre
stader. Men det treng eg ikkje segja meir um her.
Eg skal no til slutt koma inn på eit par spursmåi
som eg tidlegare so vidt hev vore burte i.
Det eine gjeng ut på um det karm vera meining i å
vida ut råma for etterrøkjingane og taka upp eitt eller
fleire emne til jamsides med sæterbruket. Det andre er
spursmålet um korleis ein skal få lagt arbeidet yver på
internasjonalt samanliknande grunnlag.
Til det fyrste hev eg å segja, at når eg freistar å
fylgja sæterbruket i Sudvest-Telemark attyver i tidi, so
møter eg tri problem som alle heng saman, men som
kvart for seg skulde vera av stor interessa for etterrø
kjingar um korleis bondesamfundet hev vakse fram. Det
er dei problemi som knyter seg til grendskipnaden, til
grunneigedomstilhøvi og til den eldste busetjingi. Eg
trur at dei same problemi vil kome att alle stader, og at
det korkje vil vera ynskjeleg eller mogeleg å isolera dei
frå hovudemnet. Serleg dei tvo siste vil stødt trengja
seg fram. I sæterheiane finn me retten til grunnen re
presentera på alle steg frå full privateiga til ålmenning.
Der privateiga skriv seg frå gamal tid, karm me skimta
eit upphavleg samhøve millom storleiken på eigedomane i
heii og alderen på gardane. Det ser med andre ord ut
til at hei og gard alltid hev høyrt saman. Spør me etter
grunnen, ligg det nær å tenkja på sæterbruket. Lukkast
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>