- Project Runeberg -  Ivar Aasen /
3

(1903) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg With: Olav Rusti
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Ivar Aasen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)



Fraa kong Sverres tid var de ute med de
gamle Norig, stor-ættine. De som var att av desse
etter dei lange innanlands-ufredane, gjekk no inn
i den nye kongsadelen eller drog seg ut av rikslive.

De nye einveldige norske kongedøme, som
naadde si høgd under Haakon den gamle (1217—63),
heldt seg uppe til 1387. Daa gleid Norig inn
under kongane i Danmark og seig ned i eit tilstand
som me minnest med sorg. De fekk finne no, at
dei norske stor-ættine var nedbrotne. Smaatt um
senn miste de alt som de fraa gamalt aatte, like til
bokmaale sitt. Berre sjølvstende fekk de hava;
vart aldri danskt land. For de norske kongedøme
gjekk i arv; og dette var kongane til bate.

Soleis laag lande i 427 aar; daa kom de ut
att av danske-samfeste. Men de var ikkje folke
som fridde seg ut. Lande vart „fritt" mot sin vilje.
Sverike vilde have de, og kongen kunde ikkje verja
de; so gav han lande fraa seg (freden i Kiel) og
bad nordmennane gaa rolegt yvi til svenskekongen.
Samstundes tok han de som att var av dei gamle
norske nybyggi — Grønland, Island, Færøyane —
og lagde under Danmark, liksom fedrane hans til
hjelp for Danmark hadde avstadi 3 norske fylke
til Sverike.

Nordmennane visste ikkje av dette fyrr de var
gjort. Men dei norskdanske embættsmennane under

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 20:05:52 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ivaraasen/0007.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free