- Project Runeberg -  Johan Sebastian Welhaven /
10

(1909) [MARC] Author: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

seg sinaatt um senn last i sjæli hans ei kunstlæra,
som ogso vart livslæra hans. Han hev ingi
stader gjeve nokor utgreiding i samanheng um
kunstlæra si, men mykje av henne uttalar han so olte
baade i dikti og dei kritiske verki sine, at ein
kann setja det ihop og laa fram ein samanheng,
som ein mest kann kalla eit system.

Hovudpunktet i systemet er vænleik. Vænleik
er fyremaalet for all kunst og dikting, og innlialdet
i vænleiken er harmoni. Harmoni ct, at dei
ein-skilde luter i kunstverket bøygjer seg under og
gjeng upp i heilverknaden. Og denne harmoni
naar ein med den heilt gjenomførde kunstform,
som vert vunni ved ei lang æsing i kunstnarsjæli.

Og som vænleik er fyremaalet for kunsti, so
er det ogso fyremaalet for livet; maalel for kvart
menneskje er aa veksa fram, aa tukta seg fram til
ein samtonande væn hug.

Desse tankarne hev ikkje Welhaven sjølv funne
paa, han hev deim fraa J. L. Heiberg, Goethe og
Schiller; inen han eigna deim til seg so djupt og
inderleg, at dei vart hans sjølvvunne eigedoin, og
han gav deim former, som var hans eigne.

For ein mann, som gjekk ikring med so høge
tankar um, kor stort verd kunsti hadde, kor
naud-turveleg ho var lor livet, var der ikkje mykje
gle-delegt aa fmna i Norigs ferske hovudstad. 6g det
var reint sjølvsagt, at hugen hans maatle venda
seg i harme mot det, han saag ikring seg — den
himmelskrikande motsegjing millom stakarsdomen
og sjølvbyrgskapen.

Det var i bokheimen, han fyrst tok til mæle;
dei gamle diktarane brydde han seg sjølvsagt ikkje
stort um, dei høyrde framfarne tider til, og det
var ikkje paa deim, Norigs framtid i diktingi
skulde byggjast. Men no stod ein av samtidin-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 20:42:45 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/jswelhaven/0012.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free