Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
ikkje daama av den dag idag — trass i dei 50
aari og meir, som hev gjenge, sidan dei vart til.
Den norskdomen, som er so audsynt i den
seinare dikting av Welhaven, viser seg ikkje berre
i vaiet av emne og handsamingi av deim; men
ogso maalsvipen ber djupe merke etter den nye
norske straumen. I Norges Dæmring og i Digte 1839
hadde Welhaven i det heile vore so dansk i maalet
sitt, at der skal eit uppskula auga til aa sjaa
skilnad paa han og dei danskfødde diktarane. Det
var daa ogso beintfram ei fylgja av alle
fyreset-ningarne hans og av det parti, han tok.
Maal-strævet til Wergeland høyrde med til dei
heime-vovne styggedomar, som det galdt aa slaa ned No
var det annleis, no daa norskdomen ikkje lenger
stod fram med skraal og politiske krav, men stilt
og berre i bokheimen, no kunde ein ogso henta
klangfulle ord og fyndige ordtøke og heimleg
set-ningsrytme fraa dei poetiske bønderne.
Asbjørnsen og Moe hadde her vist vegen, og Welhaven
fylgde etter i fari deira med stor maaltakt, og inn
i dikti hans lurde det seg no mange ord og
ven-dingar, som Lyder Sagen, den gamle læråren hans,
vilde ha funne „pøbelagtige11.
Eg understrikar her ordet dikt; for i prosa
var Welhaven like stivbeint til sin døyande dag
som nokor tid fyrr. Aa skriva var for han ei
for-næm umklæding, han skreiv sundagsmaal, leika
seg i lange, uheimlege lekkjur, fiffa seg med
fra-mandord og var i det heile so langt burte fraa det
livande talemaal som vel tenkjande er. Og her hadde
Welhaven helst skadeleg innverknad; han skipa
skule, og det vart paa moten aa skriva fint.
En-daatil Asbjørnsen og Moe, som hadde so stødt eit
øyra for norsk maalsvip, naar dei fortalde
even-tyri sine, — skreiv dei andre ting, fall dei inn i
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>