- Project Runeberg -  Johan Sebastian Welhaven /
33

(1909) [MARC] Author: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

heldt seg i udkanten og kom i alle høve snaudt
fram i bokheimen. A. Munch, som i 1830 hadde
øst seg upp til aa skriva ein lovsong til Lafayette,
skreiv no eit mjølkeveikt motmæle og nokre visne
vers um, kor godt me hadde det her heime i livd
for verdsstormarne. Dei einaste stader ein merkar
nokon bokleg atterklang av røret i Paris, er
Grøm-stad, der ein apotekarlærling, som seinare vart
vidgjeten, under baareslaget fraa revolutionen dikta
ungdoms-syrgjespelet sitt, Catilina, og i Molde, der
ein merkeleg skulegut skreiv høgsongar til æra for
fridomen. Ibsen og Bjørnson fekk baae elddaapen
sin i februarrevolutionen, men elles er det likt til,
at han ikkje hev rørt det norske lærdomsfolket
noko; snart gleid dei inn i 50-aari, og det nye
ti-aaret hadde ein heilt annan svip enn aari fyrr.

Maa ein kalla 30-aari Wergelandstidi, og kann
ein kalla 40-aari P. A. Munch si tid, so ligg det
nærast aa nemna 50-aari Schweigaards-tidi.

Schweigaard er vel den mest hugfine og
flekk-lause mann i vaart offentlege liv. Kann ein nokon
gong nytta ordet eit mynstermenneskje, — so maa
det vera um han. Men eg neittar ikkje, at han
for meg stend som mynster paa skillingsborgaren,

— eller um dette ordet skulde vera for vyrdlaust,
mynster paa ein bourgeois. — I ungdomen var
Schweigaard utan samanlikning den mest agelege i den
krinsen av uvanleg gaaverike menner, han høyrde til.
Korkje Welhaven eller P. A. Munch eller Fred. Stang
eller Dunker kunde mæla seg med honom i
arbeidskraft, i kunnskapar eller i sedleg storleik. Alle
saag dei upp til han som hövdingen, den
sjølv-skrivne; paa hans ord lydde dei, og for hans
meining bøygde dei seg. Endaatii Welhaven tagde,
naar Schweigaard tala. Han var daa ogso reint
uventande tidleg mogen; det mest raakande døme

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 20:42:45 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/jswelhaven/0035.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free