- Project Runeberg -  Norsk klædebunad : (fraa ymse bygdir) /
9

(1903) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sætisdalen - Hallingdalen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

berre den kvite stakken. Til høgtidine hev dei
noko meir sylvstas; kvendi brukar daa og det
vene raude heimevovne langsjale („sjal", kasteplagg),
som paa lit og lag er plent som dei austerlendske
sjali. Til vinterbruk og høgtid hev dei og ei stutt
svart trøye, lang-erma og rikt utsauma.

Kvendeskorne hev ein uppbøygd snute framme,
og smaae spenne, og lére ut-yvi taai er kunst-rikt
utkrota. Dertil høyrer svarte hosur som er spyta
etter eit serskilt mynster. Framifraa fin fotbunad.

Karmannsbunaden med den lange skinnklædde
kavaleristbroki, som rekk fraa aksline til ned paa
fotblade, høver godt der ein skal sitja mykje paa
hesteryggen, og ho ser storferdsleg ut paa dei
rake og sterkbygde sætisdalskarane.

Næst Sætisdalen i sermerkt klædebunad kjem vei

Hallingdalen.



Her med gjeng stakken upp-under armane;
men nedetter rekk han til oklom. Han er og
lettare enn sætisdals-stakken. Det same gjeld um
heile bunaden. Han er framifraa ven, og ein
hann med god vinning taka ’n i bruk, um ein
bur i eller utanfor Hallingdal.

Den svarte høgtidsbunaden fraa Gol, med rike
utsaumingar i sterke fargar etter det kjende
halling-mynstere, er ein fager klædnad, som ein seint
kann rose for mykje. Noko tung vil han vei
vera for mange, og det er ikkje godt; men so
kann ein saume ’n med verken og med færre
rukkur enn han vanleg hev. Brukar ein godt og
heimevovi verken, misser han ikkje noko av lage
sitt for det, men vert heller venare; like eins vert
han meir etter vaart hovud no for tidi, um me
tek burt rukkingi framme og let kjolen vera jamn
under det rukkute, lange forklæde, som rekk heilt

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 12:53:27 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/kladebunad/0011.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free