- Project Runeberg -  Norsk klædebunad : (fraa ymse bygdir) /
15

(1903) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Hallingdalen - Hardanger

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

skone. Usvorta hudskor, laga av eit einaste stykke
lam-skinn eller ku-hud, so som paa Færøyane enno,
ser ut til aa ha vori bruka i Norig med fyrr. Eirt
ser deim paa gamle bilæte, fraa Sogn t. d. Dei er
billege; snart sagt kvart baan kann saume deim;
og dei er gode og lette til innebruk. So ein
skulde sjaa aa faa deim upp att, i staden for desse
dyre og ringe og ulidande stygge tyske toflune
me kauper hjaa landhandlaren. Skor av kuhud er
gode ute og. I vinne-arbeide maatte dei vera
framifraa. Men dei vert snart glatte; og
Færøy-ingane som brukar deim baade i fuglefjelle og til
arbeidsskor, legg eit breidvori band av ull ikring
deim, til raadbot mot dette. Skinne vert reidt
som vanleg. Naar ein vil laga skone, vert skinne
vætt noko-lite; so legg ein det paa golve og set
foten paa det og merkjer av lengdi. Klipper so
etter eit papirmynster. Paabindings-snøre
(„rei-mar") tvinnar ein av kvitt ullgarn til mannfolk-skor
og av svart og raudt til kvende-skor. Snøre vert
bunde i kross ura smalleggen. Det ser elles ut til,
at dei i Norig hev bruka same snøringi som paa
Island-skone (vert mykje gjort av sælskinn); der er
berre eit rukkeband rundt kanten av skoen. Skor
av lam-skinn vart berre bruka til kvende og baan.

Den klædnaden som hev breidt seg vidast yvi
lande og vori aa segja den einaste kjende „norske
nationaldragt", er bunaden fraa

Hardanger.



Ein rett hardingbunad er elles sjeldsynt
utanfor heimebygdi. Alle skulde hava hardingbunad,
og so fekk dei ’n snart ut-skjemd. Det vart so,
at berre ein hadde eitkvart slag raudt liv med svart
stakk, so var det hardingbunad. Han vart i meir
og meir forvende skap nytta til deigjur („opvart-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 12:53:27 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/kladebunad/0017.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free