Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Færøybunaden
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
og i mange aar kann ein hava ein
arbeidsklædgang. Jamvel stasen (sylvknappane) held ut ei
stund; dei varer di tid ut og gjeng sidan i arv
fraa ætt til ætt; so um denne stasen kjennest
dyr med same, vert han endaa den billegaste Er
klædi soleis paa lag, at ein kann saume deim
heime og ikkje treng skræddar, vert dei sers
billege. Kvardagsbunaden fraa Færøy er og i so
maate greid. Trøya er ende-til og lett, so kvart
kvinnfolk kann saume ho; ingin krage er der,
berre tvo knapphol upp-i halsen, og ikkje noko
vandt elles heller. Ei knebrok kann alle saume,
berre dei hev noko aa sjaa etter. Det er nok
ikkje so mykje vanske med den som med desse
fæle lange söt-røyri karane no gjeng og baskar
med i baade by og bygd. Ein maa i det heile
segja det er godt gjort av oss kvende aa hugleggje
karar i slik stas. Med sæbygg-broki er det noko
anna; den er paa sin maate heilt-upp storstaseleg.
Det er mange fleire klædgangar enn dei eg
her hev nemnt, som kann vera verde aa taka upp
att; og eg er til-med rædd det kann verte sagt, at eg
hev gløymt süme av dei finaste. Eg fær trøyste
meg med, at um liking og misliking er det langt
aa tviste; men det eg serleg hev att aa segja er,
at kvar bør taka den bunaden han (ho) likar best,
anten so ein finn denne bunaden her eller ikkje.
Eg hev nemnt dei klædgangane som eg
kjenner best, eller trur kann vera mest brukføre, og
hev daa serleg tenkt paa dei bygdine (og byane),
som sjølv ingin heimebunad hev. Dei som hev ein
lagleg klædnad i si eigi bygd, dei held paa den;
heime-bunaden vert alltid den huglegaste.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>