Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
All norsk ungdom kjenner fyrste kapitlet av Bjørnsons »Arne".
Vesle briskebuska kjem paa ho vil klæ fjellet; endaa ho møter
baade mothug og motstand, so gjev ho ikkje upp. „Friskt mod",
segjer briskebuska. „Vil ikkje da ha meg, so vil eg ha deg,"
segjer ho til fjellet. Og ho vinn fram.
Gud velsigne den vesle briskebuska: ho er eit framifraa
fyredome for ungdomen.
Vaar tid krev ein sterk ungdom: ein nervesterk og
viljesterk og trusterk ungdom, ein ungdom med varmt hjartelag
og fritt utsyn og ein urædd vilje.
Livet vert stridare, livs-striden vert kvassare fraa aar til anna.
Konkurransen aukar paa alle kantar. Her er mange bikkjor
um kvart beinet.
Noko som sermerkjer vaar tid er at arbeidet greina r seg
ut i alle leider. Kvar-ein lyt velja seg si vesle arbeids-grein.
Men den vesle arbeids-greini maa ein kunna til gagns. „Syttan
handverk gjer nittan ulukkor", segjer dei i Nedenes. Eg meiner
vaar tid vil stadfesta det. Det duger ikkje i det tjugande
aarhundredet aa fuska med litt av kvart. Det du gjer maa du gjera
med styrke: leggja all din hug og all din dug i livs-arbeidet
ditt. Vaar tid vil ha gjort all ting baade godt og billeg paa ein
gong. Og daa lyt ein kunna arbeidet sitt fullkome, skal
ein greida det.
Grundig kunnskap krevst til alt arbeid. Til
kroppsarbeidet likso vel som til aandsarbeidet.
Det var berre i gamle dagar dei meinte det skulde ikkje
nokon kunnskap til aa vera bonde. I den tidi kunde ein
gardmann segja um sønene sine: han Nils er no so næm; eg lyt
kosta skule paa han, so han kann verta noko; men han Olav er
ein tosk, han lyt vera heime og dyrka jordi.
Me skynar det i vaare dagar: det skal ingen tosk til aa
dyrka jordi. Er det noko arbeid som krev sin mann, so er det
jordarbeidet.
Me maa faa ende paa den snobbeskapen som jagar
ungdomen burt fraa jordarbeidet. Det hende seg nyss ein stad dei
lyste ut ein budeigje-post: der stod dei kunde sjølve segja kor
mykje dei vilde ha i løn. Det var ingen som melde seg.
Men naar det er ein kontorpost, der dei sit og slit paa ein
kon-tor-krakk heile dagen, eller vera kassestyrar i ein butikk i byen,
der dei sit i bur heile dagen, og endaa-til berre for ei svelte-
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>