Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
fekk han mest paa kvart maal, og daa mjølka kyrne best. So
■sa han: „Lat oss tenkja oss at folket vakna, kor mykje kunde
me ikkje fø daa, berre paa den jordi som er dyrka, naar me
•dyrka ho betre". Attaat det veit me det ligg mykje jord udyrka,
•som me kunde dyrka upp. Men berre den jordi som e r dyrka,
■dyrka me ho betre, skulde ho fø fleire millionar, meinte han.
Lat oss tenkja oss folket vaknar, ja. Det er det som trengst,
i nærings-livet likso vel som i aands-livet: framum alt treng
me vakne ungdomar med tru til arbeidet, med gleda i
arbeidet, med opne augo og open hug, so dei kann nytta ut
rik-doms-kjeldone skaparen legg like framfor foten vaar.
Tenk deg tvo arbeids-folk som bryt stein i eit ny-lende.
Eg spør den eine kva det er for arbeid han driv. „A, segjer
han, det er eit slit, det er surt fortente skillingar". Og eg for
min part skal ikkje segja so mykje til det; eg dugde visst ikkje
til slikt arbeid. Men so spør eg den andre. „Jau no skal du
høyra, segjer han; me vidar ut jordvegen her paa garden, so
rue kann avla meir; bia berre til hausten, skal du sjaa kor
aakeren skal bera". De kann daa vita at den karen arbeider ti
gonger betre enn den fyrste. Den fyrste var ein træl. Denne
her er ein adelsmann, med arbeids-adelen yver seg, med
arbeids-tru og arbeids-gleda.
Eg kjem i hug cin elev paa ein norsk folkehøgskule. Eit bil
etter ho var heimkomi fraa skulen, møtte eg far hennar. „Eg
var litt rædd daa gjenta kom heim fraa skulen, sa han, at ho
hadde vorte for fin til det simple arbeidet heime." (Der hev
me snobbeskapen eg nemnde: at dei kallar det arbeidet
simpelt, og meiner naar ein hev vore paa skule, so er ein for
fin til slikt!!) „Men nei, sa han, ho er likso greid til aa
arbeida baade paa kjøkenet og i fjøset som fyrr, og no gjeng
det med son g heile dagen," sa han. Det var det nye: ho
hadde lært sjaa stort paa det vesle arbeidet sitt, at med det vesle
arbeidet kunde ho tena Gud likso godt som nokon prest •— og
tena fedralandet likso godt som nokon statsmann; med ho
gjekk der millom kjøkenet og fjøset, kunde ho vera
med og byggja upp eit nytt Norig.
Ja det er det arbeidet som gjeng med song, med tru, med
gleda, —• det er det som vinn lengst fram.
Det gjeld i arbeidet ogso, det bisp Nikolas segjer i
„Kongsemnerne": den lukkelegaste mannen er den største, han
som kann opna seg for mest solskin i livet, og so kann fylla
arbeidet sitt med mest solljos og solvarme, tru paa livet, tru paa
landet, tru paa arbeidet.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>