- Project Runeberg -  Kva krev vaar tid av ungdomen? /
14

(1913) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 14 —

Den dagen vaart folk kjem i naud, (ingen av oss veit kor
nær den dagen kann vera, me hev ikkje fribrev paa at me skal
sleppa), den dagen spørst det um me hev slik ungdom her i
landet som kann beda til Gud, og som trur paa Gud, og i
tru til Gud set livet inn for landet sitt.

Slike karakterar lyt me øva upp i det daglege. Det er ikkje
trulegt at dei som er rædde for aa faa folk imot seg i fredstid,
at dei skal verta modige til aa ganga paa i ufred.

Det er ille kor rædde mange er for aa faa folk
imot seg.

Ver ikkje rædd, du gut, um du so skal standa aaleine. Hev
du rett og dei andre urett, so skal du vinna og alle dei andre
skal tapa.

Ei god sak maa for det meste ganga tri steg. Fyrste
steget er spotten og laatten, der dei hermar og apar, gjøner og
lær og vil drukna det heile i spott; det er fyrste steget. Andre
steget er harmen og hatet, der dei høgg og klorar og bit og
vil døyva det med magt; det er andre steget. Tridje steget er
naar saki vinn fram, og alle gjeng med; dei fleste hev jamvel
gløymt at dei nokosinne hev vore imot; det er tridje steget.

Ikkje eldre enn eg er, hev eg upplivt dei tri stegi gong
paa gong.

Og daa sakar det inkje um ein skal lida litt paa vegen.
I det heile er det ikkje so ille um ein lid litt for det ein er glad
i; for daa vert ein en daa gladare i det.

Det er sant det Alexander Kjelland sa ein gong: det
fri-ly ndet som skal duga lyt ein faa brent inn i seg gjenom
motgang. Daa vert det stabilt daa. Men det som er lettkjøpt sit
jamnaste laust; difor er det so mange som svik naar det gjeld.

Du skal ikkje vera so rædd um du fær brent inn i deg
gjenom motgang baade trui og kjærleiken og modet og frilyndet.

Um dei spottar deg, um dei bannar deg, um dei sputtar
paa deg, — eg skal segja du kjem i godt lag, gut. Alle som
vil noko godt, lyt bu seg paa aa lida vondt for det. Den som
ingenting vil, han fær ganga i fred. Men dei som hev sett noko
inn paa aa føra gjenom eit framsteg, dei hev tidaste lide utruleg
mykje vondt for det.

Kjenner du den songen av Bjørnson: der gaar et stille tog
igjennem kampens bulder med bøn paa alle sprog — ?
Kjenner du siste verset i den songen:

„En bønnens regnbu-bro
op gjennem tidens uveir
i skin av Kristi tro:

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 13:21:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/krevavungd/0016.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free