- Project Runeberg -  Kva krev vaar tid av ungdomen? /
16

(1913) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 16 —

Det hende seg i dansketidi at ein sogning laut lata livet,
av di han leit for mykje paa danskekongens ord. Kongen hadde
lova lærdølene i Sogn dei skulde sleppa militærtenest, berre dei
heldt vegen ved like yver Filefjell. Like vel kom det bod at dei
skulde ut og eksera. Daa negta denne sogningen, Anders Ljøsne
heitte han. (Ikkje for det: det var godt to til soldatar i lærdølene,
det synte seg seinare; men han meinte det var berre noko
fanteskap av embættesfolki; for: kongen hadde lova dei skulde sleppa.)
Og han fekk andre til aa negta med. Tok dei og dømde han
til daude. Daa han la hovudet sitt paa stabben, sa han paa
sognemaalet sitt: hove mitt kann gao, men kongens ord skal stao!

Staut sagt!

Den kongen vaar som vil fylka oss til strid mot
mammons-veldet og mot all vondskapen no um dagen, Jesus Kristus,
han gjeng aldri attpaa det han hev lova. Svik ikkje du
han, — han svik aldri deg. Det det spørst etter, er um me
kann faa slike sterke kristne ungdomar her i landet, at
■dei vil segja som sogningen: lat det kosta kva det vil! hovudet
mitt kann ganga! men kongens ord skal standa.

Slik ungdom meiner eg vaar tid krev.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 13:21:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/krevavungd/0018.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free