- Project Runeberg -  Kyrkohistorisk Årsskrift / Fyrtionde årgången, 1940 /
180

(1900)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Oluf Kolsrud, Blodbadet i Stockholm aar 1520

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

i8o

oluf kolsrud

til skismatikarane paa grunn av grannelaget, etterdi han lett kunde
slutta seg til deim, ikkje utan stor skade og tap for den same Stolen.»

Vinteren og vaaren 1520—21 hadde kong Christiern II ikkje
mindre enn tri sendemenn i Rom: kanniken i Lund Claus
Peders-søn1, kantoren i Ribe Povel Anderssøn2, og den tyske klerken
Johannes Slagheck3, bror til Christierns sekretær Didrik Slagheck; desse
var reist ned i kvar sine ærend, Povel Anderssøn for aa klaga paa
kongens vegner over den pavelege pengesamlaren Arcimboldus4,
som hadde stelt seg paa Sten Stures sida.5 I 1521 kom so den fjorde
sendemannen, kanniken i Kjøpenhamn mester Hartvig Lange.6
Av eit brev fraa Johannes Slagheck til Mor Sigbrit7 ser me, at Lange
var utsend i det ærend som vart fyrehavt i konsistoriet 14. juni,
um dei tre bispestolane, og det er daa han som hev havt med seg
Christierns »informatio» med orsaking for skuld i mordet paa dei
tvo svenske biskopane. Denne informatio, som er kjend fraa udatert
konsept i Rigsarkivet i Kjøpenhamn8, er ei klageskrift over
Arcimboldus, som her vert gjord til upphavsmann for det store upprøret
i Sverige som enda med blodbadet i Stockholm. Sjølve blodbadet
framsteller kongen som ei straff, som hans menn ■— ikkje kongen
sjølv — i vreide tok over dei svenske upprørarane, daa det under
kroningsgildet paa Stockholms slott vart uppdaga ei
krutsaman-sverjing mot Hans Majestet; denne straff raaka ogso, til Christierns
sorg, dei tvo biskopane av Skara og Strängnäs, daa dei var kjende
for aa ha gamal skuld paa seg for crimen læsæ majestatis mot
Chris-stierns far kong Hans. Reisningi i Sverige vert framstelt dels som
eit upprør imot kongen, dels som ei undertrykking av kyrkjefridomen,
og Arcimboldus som upphavsmann til baae. Og her manar Christiern
fram eit trugande spøke: faaren for fraafall fraa kyrkja, — og han
læt det skina igjenom, at hendingane i Stockholm i røyndi er ei
Guds styring som hev avvendt faaren.

Med si etterlating og samtykking — heiter det — hev Arcimboldus
planta »denne kjættarskapen», og so sant den ikkje ved Guds
rett-ferdige dom utan vidare overlegging hadde vorte bittert straffa

1 APD 4802. 4828. 4836. 4880. 4881. 4895. 2 APD 4813. 4816. 4840. 4850.

3 APD 4795. 4842. 4880. 4 APD 4850. 5 APD 4677,

6 APD 4864. 4880. 4887. 489.1. 4897. 4904.

’ APD 4880. 8 APD 4831.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 14:11:28 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/kyrkohist/1940/0192.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free