- Project Runeberg -  Kyrkohistorisk Årsskrift / Fyrtionde årgången, 1940 /
196

(1900)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Oluf Kolsrud, Blodbadet i Stockholm aar 1520

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

i78 oluf kolsrud

kunde styrkja si makt i tilhøve til kyrkja, men framfor alt, at han
personleg kunde koma undan rettslegt andsvar for sin høgaste domar
påven i dei saker han no var innvikla i ved si vilkaarlege og brutale
ferd mot kyrkja sine personår. — Aleander torer difor ha havt eit
fint instinkt, naar han i depesjen av 29. april sette innbjodingi til
dei wittenbergske reformatorane i samanheng med Christierns
sam-vits-uro etter blodbadet i Stockholm.

Gjenom Reinhart hadde reformatorane i Wittenberg i mars 1521
faatt den uppfatning av Christiern, at han »forfylgde papistane».1
Men daa Karlstadt i mai kom til Danmark, heldt bladet paa aa
venda seg, visseleg som fylgja av paaminningane fraa keisaren um
aa akta seg for den lutherske kjettarskapen.2 Daa Karlstadt i juni
drog til Wittenberg, etter aa ha lova kongen aa koma tilbake til
Danmark, sette Christiern det vilkaar, at Karlstadt ikkje maatte
skriva imot påven utan fyrst aa syna det til kongen.3

Samveret med keisaren i Flandern i juli og august 1521 vart ei
prøva paa Christierns lojalitet imot kyrkja. Aleander, som i denne
tid stendig uppheldt seg ved keisarhovet, var paa si vakt fraa fyrste
stund. Nokre dagar etter at Christiern med stor vyrdnad og fest
var motteken av keisaren4, skreiv Aleander i sin depesje fraa Brüssel
6. juli til den pavelege visekanslaren:5

»Her er kongen av Danmark, som lét biskopane myrda, og det
vert sagt, at han vilde hava Luther og hans fylgjesveinar, og hans
sendemann i Worms [Stephan Hopfensteiner] førde verkeleg med seg
ei kista med lutherske bøker6, — [slike bøker] som eg vonar han

1 S. 193, n. i. 2 S. 194, n. 2.

3 Zeitschrift für Kirchengeschichte, II, Gotha 1878, s. 128.

4 Allen, III. 2, s. 102—3. Paul Kalkoff, Die Anfänge der Reformation
in den Niederlanden (Schriften des Vereins für Reformationsgeschjchte, Nr. 79.
81), II, Halle a. S. 1903, s. 8.

5 Aleanders depesje fraa Brüssel, udatert, 6. juli 1521: P. Balan,
Mo-numenta reformationis Lutheranae, nr. 109, s. 275, uriktig tidfesta til 19. juli. —
Th. Brieger, Aleander und Luther 1521, nr. 38, s. 246; um dateringi jfr. s.
300—i. — Det ovanfor eiterte stykket er avtrykt i APD nr. 4884, s. 367 lin.
6—17; sjaa s. 194—5, n. 3.

0 J. Oskar Andersen, Överfor Kirkebruddet, s. 104, umset »porto» som
presens: »fører», og uppfatar teksti slik, at Stephan Hopfensteiner som fylgde
kongen paa ferdi i Nederland, her hadde med seg ei kista med lutherske bøker,
s. 105—6; men ordet maa aksentuerast »portö» (soleis hos Brieger) og er aa
forstaa som tempo passato: førte. Av Aleander fær me soleis vita, at Hop-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 14:11:28 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/kyrkohist/1940/0208.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free