- Project Runeberg -  Kyrkohistorisk Årsskrift / Fyrtionde årgången, 1940 /
204

(1900)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Oluf Kolsrud, Blodbadet i Stockholm aar 1520

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

i78

oluf kolsrud

gjeve Christiern skuldi for blodbadet. Dette maa vera skjet i slutten
av 1521, til mottrekk imot den stadig aukande opinion som skaut
skuldi over paa mester Didrik sjølv, og det vart gjort for aa raaka
kongen paa eit ser leg saarbart punkt.

—■ Ikkje mindre forvitneleg er den upplysning som vart gjevi
av kardinalen av Sanctorum Quattuor Coronatorum, Laurentius
de Puciis, som sidan Laterankonciliet var protektor og prokurator
for dei tri nordiske rike ved kuria, — at Franciscus de Potentia var
blitt tvungen til aa skriva forhøyrsakten slik som kongen dikterte.
Fraa rikskammarrettsprosessen kjenner me tvo hovudpunkt i dette
dokument: 1) kongens uskuld var tilrekkeleg paavist ved månge
truverdige vitne, derimillom tvo biskopar1; 2) blodbadet skjede utan
hans vitande og vilje ved väld av hans krigsher2, — same paastand
som i Christierns klageskrift over Arcimboldus vaaren 1521 —.
At sanningi var annarleids, kunde Franciscus de Potentia sjølv
for-telja påven.

—- Men det merkelegaste av alt er, at den pavelege nuntius
hadde tilbode Christiern aa gjeva honom absolusjon for mordet paa
biskopane, men kongen nekta aa lata seg avløysa, fordi han hevda
han var uskuldig.3 Saki var: Tok han imot kyrkjeleg avløysning, var
det jamngodt med aa flyt ja skuldi fraa Didrik Slagheck over paa
seg, eller aa dela skuldi med honom. Christierns forsikring um hans
eigi uskuld og nekting av aa gjera kyrkjebot var taktisk naudsynlege
i situasjonen. Han hadde alt aa tapa med aa krypa til krossen.
Annarleis i 1513, daa han lét seg høgtideleg avløysa av biskop Lage
Urne i Roskilde for si skuld i fengslingi av biskop Karl av Hamar4;
daa var absolusjonen eit vilkaar for kröning. No var det heller
kongekronor aa tapa. Utsoning med kyrkja for blodskuld vilde bli
eit politisk nederlag.

— Christiern stelte seg ogso fullstendig avvisande imot den pavelege
nuntius i hans andre hovudærend: uppgjerd vedrørande Arcimboldus.
Kongen ikkje berre nekta aa gjeva vederlag for dei pengar og varor
som Arcimboldus hadde samla til Peterskyrkja, til ein verdi som
her vert uppgjeven til 12000 gyldén5, men han framsette sjølv penge-

1 Danske Magazin, 5. R., V, s. 81—2. 2 Ibid. s. 70—1.

3 At nuntien absolverte Christiern (L. Pastor, Geschichte der Päpste, IV.

i, s. 605), er eit mistak.

4 Dipl. Norv. IX, nr. 474. 479.

5 Arcimboldus sjølv, i sine autobiografiske uppteikningar, reknar verdien

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 14:11:28 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/kyrkohist/1940/0216.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free