Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - I. Eventyr og stubbar og dyresogor - 14. Ferdi til Amerika. Av Kristen Stalleland. Tegning av G. Wentzel
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
henda dei miste den vesle Datta, den inderleg snilde Datta,
og det var deira skuld alt saman; for dei hadde vore utrue
mot henne. Stakars litle gjenta! —
Men baae gjentorne hadde sprunge, ei til kjelda,
hi til tjørnpytten; No kom dei og sa at dei saag ikkje
noko til Datta der dei for heller.
Det drag av rædsla og hugverk som fyrr hadde grave
seg inn i andlitet paa far og mor, det jamna seg ut noko
no, og Hallvard og Gunnhild kom seg so vidt dei kunde
vera med og leita.
«Sjaa etter gjentungen i Blaabærbakkarne!» ropa gamle
godfar fraa tunet. Det stod djupe og myrke rukkor
inil-lom augo og topphuva, med han stirde paa uppstyret.
Jaha, ein gjekk upp bakken med badstova, ein
upp-etter Husefjellet, og ein ned til aalmannvegen.
«Datta! Datta!» lét det i alle leider, men ingi Datta
høyrde dei, og ingi saag dei. «Tru ho kann ha teke
innetter Haslelid?» sa Gunnhild, ho fekk ein ljos tanke; «eg
tok henne att der ein dag ho la i veg etter far, med han
gjekk paa hogstren.» — «Ja, det maa du segja,» meinte
Hallvard, Og so sprang dei inn Haslelid. «Datta! Datta!»
Aa nei, ho svara ikkje. Dei sprang lenger. Der var eit
ikorn som skvatt upp i eit tre og smakka med tunga.
Nate-skrikja heldt eit synde leven i eit eikeholt. Men Datta var
ikkje aa finna. Jau, der rusla noko i einstapen. Kva
kunde det vera? Nei daa dei skulde til-sjaa, so flaug det
upp ein liten fuglekong berre. No var dei mest innmed
Høgepall. «Kva er dette?» spør Hallvard. «Visst ein fugl
berre,» meiner Gunnhild. «Nei, det læt som ei sutring
burti holtet. —: Høyr det!» — «Det er visst ei duva som
kurrar.» Dei gjeng etter ljoden. Verkeleg! — der sit Datta
og tutrar og græt! Dei vart so udømeleg glade. Aldri
hadde dei tykt so gildt i Datta. Dei vilde bera henne baae.
Men daa dei hadde trætta litevetta, vart det til det at dei
Klikka: rynke. — A al mann veg: alfarvei. — Hogster: hugst.
— Nateskrikja: nottekraake (en fugl). — Einstape eller
eine-stabbe: bregne. — Tutra: sutre, klynke. — Udømeleg: umaadelig.
- Tykkja gildt i: være glad i, være stolt av.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>