Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
naamen nede millotn greinerne, og høyrde ingen ting daa
dei ropte ut til han. Og um han so kunde festa eit tog,
so vilde fossen berre suga han til seg og riva lian til av-
grunns i same augneblinken som han kom ut or evja.
No daa dei var nærare, saag dei ogsaa at evja var berre
som eit einnste baar aa hanga i. Naar greinerne som dreiv
rundt kom burt mot fossen paa denne sida, saug han, rett
som det var, sume av deim til seg og tok deim. Eit par
gonger hadde han tak i det store treet og; det var berre
so vidt at straumen i evja fekk yvertaket og heldt det.
Men næste gongen —? Det var som dauden hadde moro
av aa leika med fengdi si framfor augo aat faren og alle
som stod der og ingen ting kunde gjera.
Daa sprang Tom, hesterøktaren, fram for husbonden
sin. «Eg kann kje sjaa paa dette; eg bergar han eller
lét mitt eige liv,» sa han. «Berga han .... korleis?»
stota faren og stirde paa han.
«Eg kann symja,» sa tenaren. «Eg tek eit tog um
iivet og gjeng ut i elvi ovanfor stroki; so sytn eg med
straumen ned-over midt i elvi, same vegen som treet gjekk,
og freistar aa koina inn i evja — berre det ikkje vert for
seint!» — «Vaagar du det, Tom? Trur du . . . .? Men
korleis kjem du so i land att med han?» ropte faren.
Det vart vel ei raad med det, berre kan var ut komen, sa
Tom roleg; han hadde nettupp tenkt seg ei raad. Nokre
av folki skulde ro over paa hi sida, og naar han so var
komen ned til guten, skulde dei kasta ut tog fra baae sidor,
og lian skulde festa deim i treet. So skulde dei faa med
seg so mykje folk dei kunde, og draga treet med han
og guten paa upp mot straumen midt i elvi, til dei var
komne so langt fraa fossen at dei kunde draga deitn i land.
Nokre augneblinkar etter var nokre av folki alt i ferd
med aa ro yver elvi uppmed Fagerheim; andre vart sende
burt til bygdi paa alle kantar etter folkehjelp. Alle visste
at den modige guten vilde vaaga livet med dette; men skulde
det finnast hjelp, so var dette den einaste, og han stod fast
ved at han vilde vaaga seg. Han hadde tent hjaa husbonds-
folki sine i mange aar, so det var mest som han høyrde
Naamen: stiv, lam. — Fcngd: fangst, bytte. —Stota: stamme-
Kelfscn: Læsebok for folkeskolen. IV. tBjTitf&Te*. 11
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>