Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Dei fekk snart togi ut til lian fraa baae sidor; lian
feste deim godt kring rot-enden av treet; surra seg sjølv og
guten godt fast i greinerne, og gjorde so teikn at dei skulde
draga upp-yver.
Det var alt samla ei heil mengd med folk fraa alle
gardame som hjelpte til paa kv aar sida. Det vart ei hard
ferd upp-yver, som venteleg var. Treet gjekk i kav uppi
broti, so dei nokre gonger snaudt saag att-i det. Men Tom
sat fast som ei kjempa, og tok mot stoytarne framanfor den
vesle; og det var ingen vanske aa lialda farkosten midt i
straumen, naar dei drog jamnt og varsamt paa kvaar sida.
Dei var soleis snart komne upp-um dei verste broti; so drog
dei varleg inn mot land paa denne sida.
Nye glede-rop tok mot dei tvo; kvendi takka Gud, og
upp-i bakken kom mori springande og gret av gleda. Ho
hadde vore so forkomi av rædsla, etter ho kom til seg sjolv
att uppmed elvi, at dei hadde lote hjelpa lienne heim, og
ho hadde sidan ikkje orka aa gaa ut og sjaa noko, fyrr
!to 110 fekk vita at det bar til liv og berging.
Men som han saag ut, armingen! Hau hadde nok
daana att av alt vatnet; han laag som ein naae innunder
armen paa Tom, silande av vatn; armarne hekk slakke ned.
Faren sende i fljugande farten ein mann etter doktoren,
som budde straks ned-i dalen; sprang so ut paa torvorne
og tok mot guten daa Tom hadde loyst han or greinerne.
Men kva var dette? kva i all verdi.....? Han vart
standande og stirde paa guten, og daa mori i det same kom
og vilde taka han i armarne, heldt han henne att-ende.
Guten var noko større enn han skulde vera; han hadde ei
fæl, lappa brok paa seg, og gam all skurv i nakken . . .
Men endaa underlegare var det, daa der i det same
kom tuslande ein liten gut upp-i bakken og ropte ned-yver.
Han gjekk med ein stor koll av cin gamall sydvest paa
hovudet, men var elles Bobert ljos livande.
Rasmus Løland.
I kav: uiuler i vandet. — Vanske: vanskelighet. — Lote,
av ljota (nutid: lyt): maattet. — Naac: dødning, lik. — Koll: hatte-
pull.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>