Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Kor lenge det var, det veit eg ikkje; men eg vakna
med det at Dovrebrunen gjorde ein rykk og kasta seg
braatt paa sida. Daa var eg midt for Telhølen, der elvi
er som trongast, og der veit de berghamrarne heng so hoge
og svarte utyver paa baae sidor so det er rugsamt, og isen
plar og vera vaaleg der, daa elvi gjeng so strid. Aa jan,
daa eg fekk upp augo og saag meg ikring, so kann de tru
eg var kje einsaman, for paa aile leider so yrde det med
graabein; ja ut fraa Telosen kom det ei ulveskreid som ingen
ende tok, og lenger nedmed elvi, midt i vegen, stod ein
hop paa ei ti-tolv stykke og liksom vilde stengja, so ein
inkje kunde sleppa fram paa nokon kant. Gamp urne vart
daa mest forstyra, kann de vita, og som 110 eg stræva aa
laa stagga dei, so tok graabeinhopen aat aa fljuga og dansa,
og gjorde liksom ein krinsel kring meg og ganiparne, og
den eine flaug etter den andre rundt ikring, og krinselen
vart mindre og mindre, so til slutt so hoppa dei og skaut
seg mest yver atterste lasset, og eg venta berre dei skulde
koma og riva sund baade hestarne og meg. Og inkje nok
med det, so var det andre hopar med graabein paa baae
sidor av elvi som tok aat aa ula, og paa den ulen svara
det fraa den eine lidi til den andre, og surne hadde grovt og
sume hadde kvelt maal. Ja daa kann eg kje anna segja
enn at det rann som is ned yver ryggen paa meg, og eg
tykte mest luva lyfte seg upp fraa hovudet, so hjarterædd
vart eg. Men endaa hadde eg so mykjc hugs at eg løyste
reipet paa den atterste kolkorgi og let det hauga etter, og
so tok eg Veslesvarten i taumarne, og siog paa og skreik
aat Brunen, og so bar det i veg beint imot ulvehopen. Aa
ja. det vav so vidt dei drog seg or vegen, so eg slapp
igjenom; men heile hopen fylgde med, sume fyre og sume
etter og sume paa ymse sidor, og det gjekk i kutaude renn
ned etter elvi, men lell kom dei kje nærare enn reipet rakk.
Daa vart eg sagte glad, kann du tru, daa eg endeleg
IJugsamt eller ro g samt: uhyggelig fælt. — Vaaleg: farlig.
— Einsaman: enslig, alene. — Mest forstyra: rent utav sig. —
Krinsel: ring, kreds. — Kvell: livas. — llugs, her: sans,
efter-tanke. — Kuta: rende, springe.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>