- Project Runeberg -  Læsebok for folkeskolen / Del 5. Byutgave /
86

(1909-1912) Author: Nordahl Rolfsen
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

at dauden vinn. Daa skal han her upp i steinrøysame og
sjaa livsviljen.

Paa den fyrste staden gjekk eg inn. Der sat ei garnall
brun kjerring og spann, med ein katt og ein barnsunge
leikande innmed stakken sin. Ho saag upp med store for
vitne augo: Kvar er du ifraa? — Aa, er du fraa. Garborg?
Kven sin son er du der? — Aa, er du av det folket? —
Og straks var me kjenningar.

Mat fekk eg, inen laut «ta det som dei hadde det»: skild
mjølk og hellekaka med smør og fat-ost, den rette gode
vestlandske fat-osten, som er finare enn roquefort, — plent
som det skulde vore heime hjaa ho mor i mi barndoms tid.
«No lyt du faa deg mat,« sa ho. «Det er nok ikkje kaffi
og finbrød som i dine bygder; men kva skal ståkaren gjera?
Heimekost nærer, og skillingen tærer, og so lyt me greida
oss med heimekost, me. Men so hev me no ikkje meir vit,
me tykkjer den er likso god.»

Ho sette seg til rokken att, og spann og rødde.
Jamenn var det so gildt naar det kom eit menneskje. So
kunde ein faa spyrja nytt og røda um eit og anna. Ho
fortalde meg um folket mitt meir enn eg visste sjølv. Og
til eit nytt kapittel i denne ættesoga si fekk ho daa no i
stutte drag min livsgang. Ho lærde meg paa denne stundi
noko som alle skularne mine inkje hadde kunna segja meg,
og som eg sjølv inkje hadde lagt merke til fyrr: at
bygde-maalet mitt var vænt, og at det hadde ein forteljekunst. So
fekk eg henne til aa tala mn livet her i fjellet. Var det inkje
langsamt aa sitja her uppi ville steinrøysi og slita og stræva
og ingen veg koma; takka til, at ein fekk den stakars
maten? Ho log. Aa nei sann! Mjaaland var nok ingi
steinrøys. Og langsamt var det inkje for den som hadde
noko aa bala med. Men naar eg rodde liksom so
svivyrds-legt um maten, so vilde ho beintfram spyrja meg um det
var slikt eg lærde paa dei høge skularne mine. Daa vilde

Skild (om melk): skaaren. — Hellekaka: kake som cr
stvkt paa ovnslielle. — Fat ost: kna-ost av snrmelk. — Roquefort
(utt. råkkefåår), et osteslag, ligner gammclost; har navn efter byen
Roquefort i det sydvestlige Frankrike.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 15:13:31 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/lffrolfsen/5/0086.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free