- Project Runeberg -  Læsebok for folkeskolen / Del 5. Byutgave /
100

(1909-1912) Author: Nordahl Rolfsen
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Den heile natt stod bølingen
og venta Storegut,
og daa han so ei kom, dei tok
ved solekoma ut.

Dei kom so sveitt at kring deim

stod

den tjukke toke-eim,

so kom dei fram-mot middagstid

til Havradalen heim.

Det fyrste dei fekk folk aa sjaa,
dei hovud rist’ og skok,
og bar med bur og beljing paa
som ingen ende tok.

Og daa saa folk fekk dette sjaa,
som var eit under stort,
so bar dei til aa skyna paa
at noko vondt var gjort.

Til Bordals bølingen vart fylgd,
han upp mot urdi saag,
og merkte ut at det var der
som Storeguten laag.

Men ingen ting der funne vart,
med alt det leita var. —

So kom den uferds-bod til meg,
som var hans gamle far.

Det fyrste som eg kom til meg
fraa slikt eit svimeslag,
so saag eg alt, so tenkte eg
paa rettens store dag.

Dg Grytebekken visste vel
var son mins banemann,

og at det ingen annan var
enn nettupp, nettupp han.

Eg kjende deira gamle strid
og visst’ han var ein hein,
og spurd’ at han paa same tid
ha’ gjenge etter rein.

Eg gav kje denne udaadsmann
den minste ro hell rist.
Detaalvor var, som hjaa ein mann
som sonen sin hev mist.

Den heile bygd eg for ikring,
og med meg fekk eg folk.

Til fjells me Grytebekken dreiv
framfyre oss med svolk.

Daa bølingen fekk honom sjaa,
det aalvor vart i lag;
dei bura og dei belja paa
som det var domedag.

For oss aa varna um hans liv,
det reint me faafensjt saa».
Han maatte røma til den urd
der Storeguten laag.

Men ingen ting um Storegut
fortel den syndens mann;
med ingen ting han vilde ut,
og ingen ting me fann.

Og ingen rett det var aa faa;
for slik var retten fest
at alltid den fekk største rett
som kunde rnuta mest.

Solekoma: solronding. — Toka: skodde. — Skok, av skaka. — Bur:
raut, brøl. •— Uferd: styggefærd, ulykke; uferdsbod: daarlig tidende. — Dei,
deira: de, deres. — Hein = kvessestein (haardere og seigere end bry nesten).
Ua, for: hadde. — Svolk: lang, tynd kjep; juling. — Varna: verne, verge. —
Fe«t: fastsat, tilstelt. — Nluta: bestikke.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 15:13:31 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/lffrolfsen/5/0100.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free