Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
noko til aa fara lieim med. Og inkje fekk eg nokon
frettnad heimanfraa heller, fyrr eg frette det som eg minst
vilde hoyra; daa laut eg til aa skunda meg paa heimvegen,
men langt var det, og seint gjekk det, so eg er rædd for
at eg er koinen alt for seint.
Olav. Aa ja, det kann vera alt for sant; men so
hev du daa odelsretten til aa stola deg paa.
Aamund. Dei segjer det skal vera i seinaste laget
med det ogso; d’er no alltid so at eg hev ei von, men
nokor vissa hev eg inkje.
Olav. Ja, lat oss vona det beste daa. Eller er det
ikkje so dei segjer, at ein skal venta det beste og bu seg
mot det verste?
Aamund. Eg heve høyrt det so og, at ein skal venta
det verste til ein ser det beste; og det, segjer dei, skal
vera det klokaste.
Olav. Det kann vera det klokaste, men det er inkje
det tekkaste. Men anten det er no so eller so, du, so
vil me ikkje gjera oss nokor sorg endaa. No i dag vil
eg at me skal bbsre hava moro og sitja sainan og reda
um alt det som kann vera til hugnad.
Aamund. Eg segjer det same. Eg er so glad for
det at eg eingong faun folk som eg kann tala fritt med,
og vera viss paa at den eine skynar kva den andre segjer.
Det er lenge no sidan eg var so heppen.
Olav. Ja, her skal du faa lov til aa bruka
heime-maalet ditt. — Men eg er so forviten til aa høyra kor det
stend til uti den store vide verdi. Kann du segja meg
med nokre faae ord kor det ser ut i dei gildaste
byg-dom der?
Aamund. Det er snaraste aa segja at det ser ut
som i ei maurtuva; det kryp og kravlar paa alle kantar,
det strævar og staakar paa alle sidor; det er ei endelaus
røra, som det stend i steinbrjotar-visa. Ja, den visa hev du
vel ikkje høyrt; eg skal kveda henne aat deg um du vil.
Olav. Ja, lat faa høyra!
Frettnad: etterretning, liilende. — Uu seg: forberede sig —
T e k k: tækkelig, hyggelig.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>