- Project Runeberg -  Ljos og varme i Kristendomen /
3

(1913) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Ljoset.

Hlix Nr. 712. Joh. 12.35—41. Kv. II Sex ages i ma.

Jesus segjer han er ljoset. Me lyt tru paa honom,
— elles kjem me til aa leva i myrkret, og
daa veit me ikkje kor me fer. Heile den krislne
kvrkja sannar det med ein munn: Jesus, du er
all skapnings ljos! hadde me ikkje deg, daa vore
livet myrkt for oss. Me reknar det er dagen som
renn yver ei! menneskje naar Jesus kjem inn i
hjarta. Me reknar det dagasl i ein heim naar
Jesus kjem inn i huset. Og naar hans evangelium
kjem til eil folk, daa tykkjer me ljoset gjestar deim
som sat i myrker og daudeskugge. Difor svng me
i fedralands-salmen vaar: du sende ditt ord til
Norigs fjell, og ljos yver landet strøymde.
Heidning-missjonen er den største ljos-beraren paa jordi.

Men — kannhenda einkvan spør meg: meiner
du verkeleg at det fanst inkje ljos paa jordi fyrr
Jesus kom? og at det finst inkje ljos i
heidning-land fyrr kristendomen kjem dit? Sume vil vel
ininna um vaare gamle forfeder, fyrr kristendomen
kom hit til landet. Sume vil Iruleg nemna ein
græsk vismann som Sokrates eller ein
religions-lærar som Budda, — og so spyrja meg: meiner du
verkeleg at det fanst herre myrker hjaa slike som
deim? -— Nei, det meiner eg ikkje. Og eg trur eg

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 15:44:42 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ljosogvarm/0005.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free