Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Me barde læra det paa presteskulen, — og paa
emissærskulen, — og paa folkehøgskulen. Utan
den lærdomen er ikkje dei skulane stort tess.
Eg raaka ein bonde, far til ei gjenta som hadde
vore paa folkehøgskule vestpaa. ..Eg var rædd daa
gjenta kom heim fraa skulen," sa han, ..at ho
skulde vera for lin til det simple arbeidet heime.
Men nei — ho steller paa kjøkenet og stullar i
fjøset likso godt som fyrr. Og no gjeng det med
song heile dagen. Eg tregar ikkje eg sende gjenta
paa høgskulen," la han til.
Kunde det lukkast deg aa linna fram til Jesus
Krist — um du er so verkbroten at me laut bera
deg til han. — kunde det lukkast, so skulde du og
læra den songen som ber arbeidet uppe. Med takk
til (iud — fraa morgon til kveld. Frihug og styrke
og velsigning! Du skal aldri trega du gjeng i den
skulen.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>