- Project Runeberg -  Ljos og varme i Kristendomen /
43

(1913) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ikkje gjera slike skarvestvkke; all inni meg
styggjest ved det.

Like vel er det inkje du treng meir enn
synds-forlating. Nett du som hev dei største livs-ideal.
Gjer du aalvor av deim, vil r/n koma i største
synde-naudi.

Ingen tarv skjemmast ved aa taka imot same
syndsforlatingi som Sakkæus. Paulus, den ærlege
1’arisæaren, var glad til. Peter og Johannes, bra unge
menneskje, dei lærde sjaa seg sjølve i Guds ljos.
Og daa saag dei seg likso svarte og ureine som
tollmennene.

Det er ein lager tanke der den gamle norske
primstaven sette ein stol paa Maria-Magelin-dagen
(22. juli): jamvel himmeldronningi reiste seg fraa
stolen, daa Maria Magdalena kom inn i himmelen.
So stor æra gjorde Jesu mor paa den store
svnda-ren som Frelsaren hadde umskapt.

Saman med røvaren og den fallne kvinna lyt
me alle bøygja kne for same naadestolen og tigga
um same frelsa. Ikkje tarv me skjemmast. Ein
gong skal det synast kva Jesus kann gjera utav
synduge menneskje, jamvel av skarvepakk, der dei
umvender seg og lel honom faa raa. I himmelen
millom Guds englar skal alle Jesus hev frelst standa
lytelause og heilstøypte, kvitklædde utan Hekk —.

Gud, lat det synast her paa jordi ogso!

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 15:44:42 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ljosogvarm/0045.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free