Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 1. Den frumnordiske tidi (til 750) - 2. Vikingtidi (750—1000)
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
haðulaikaR ek hagusti(l)ðiR hlaaiviðo magu minino d. e:
Hodleik (kviler her). Eg Haukstald hauglagde son min.
Det frumnordiske maalet hev vore mykje likt
det gamle gotiske, og likskapen med dei andre
germanske maali paa den tid hev ogso vore mykje
større enn han er no. Det frumnordiske hadde
mykje a, u, iu, o og au, i slike ord, som maalet
sidan fekk e, y, ø og øy, eller maalet laag den
gongen lenger att i munnen og hadde ein myrkare
klangsvip enn no; dessutan merkte det seg ut med
sine mange og lange former, t. d. HaþuwulafaR
(Halv), ðohtriR (døtr), minino (min), bariutiþ (bryt).
2. Vikingtidi (750—1000).
Dei merkelegaste tilburdarne i den yngre
jarnalderen eller vikingtidi er dei store utferder til
framande land, og at dei norske fylki vart samla til
eit rike. Norig stig fram i soga.
Fyre aar 800 hadde vikingar funne fram yver
havet til Hjaltland, Orknøyarne, Nord-Skotland,
Suderøyarne, Irland og England. Paa lag
samstundes fann dei Færøyarne. Paa alle desse
staderne grunna dei nybygder. I Irland kom dei
saman med keltiske folk, som var kristne og stod
høgt i kultur; dei irske prestarne var namngjetne
for lærdom; i Wales hadde skaldskapen sin beste
heim. Nordmennerne blanda seg med keltarne, og
lærde mykje som dei hadde med seg heim og som
sidan spreiddest vidare.
Grunnen til vikingferderne var vel mykje
folkemengdi, som hadde vorte for stor, men fulla ogso
ein medfødd utferdshug og ein vill stridshug, som
sjølve gudetrui deira — aasalæra — maatte kveikja
upp i deim. Men til dette kom i det 9de
hundr. dei politiske tilstandi her heime. Harald
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>