- Project Runeberg -  Norsk maalsoga for skule og heim /
30

(1907) [MARC] Author: Marius Hægstad
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 4. Den millomnorske tidi (1350—1525)

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

heldt han seg frisk og livande i talemaalet hjaa
folket. Soleis vart det daa tvo maal her i landet.
Paa den eine sida det danske framandmaalet til
bruk i skrift, og bok, men som i fyrstningi berre
vart tala av innflutte danskar og slike nordmenner
som av ymse grunnar tykte mun i det. Paa den
andre sida det norske nedervde maal, som folket
i det store og heile tala kvar i sitt maalføre, men
som ikkje lenger hadde nokor aalmenn skriftform,
og som folket ikkje fekk sjaa paa prent. Dette
er upphavet til den maalkløyving
me hev her i landet den dag i dag
.

Det norske talemaalet hadde brigda seg mykje
i den millomnorske tid. Gjenom all den
endelause røra i millomnorsken kann me sjaa korleis
maalføri umlagar seg, fylgjer det vesteuropæiske
straumdrag, kastar uvigtuge former, men held uppe
det gamle ljodverk og det gamle ordrike. Ved
enden av dette tidebilet (umkr. 1525) er det norske
maal umstøypt fraa eit gamalt formtungt til eit
nytt formlett maal. I dei fleste stykke hadde det
i fyrstningi av det 16de hundr. same svipen som
no. Eit nynorsk maal var ferdigt; det venta
berre paa nordmenner som hadde hug og dug til
aa bruka det i skrift, og paa ei ætt som hadde
mod og magt og nasjonal ærekjensla nok til aa
krevja rett og vyrdnad i landet for Norigs eige
maal.

Av brigde fraa gamalnorsk i den millomnorske
tidi vil me berre nemna:

þ og ð gjeng yver til t og d umkr. 1425,
t. d. ting (g.norsk þing), dat (g.norsk þat, det).
aði i fortid av gjerningsord vert til — ae og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:18:34 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/maalsoga/0030.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free