Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
18
kyrkjeklokkone av dei i Margitbakken. Det skal
stå «Margit» på ei av klokkone. Endå eit anna
segn lyder slik, at frå fyrst av hadde Torpo kyrkje
tvo små klokkor (den eine av desse skal vere seld
til den nye kyrkja i Ustedalen, Geilo). Då Torpo
sokn vart skåna for svartedauen, skaut ålmugen
av takksemd saman til desse store, gilde og klang-
fulle klokkone.
Ein gong vart torpingane bydde mange pengar
for desse kyrkjeklokkone. Det var St. Hallvards
kyrkje i Oslo som skulde hava dei. Det var handla
og, Og klokkone skulde førast til Oslo. Men då
ikkje eit sterkt forspann å rikka lasset. Det vart
spent for tvo hestar til, då kom dei sør til Tore-
bråten — eit lite stykkje på vegen mot Gol; der
stana lasset 0g ingen makt kunde få det lengere.
skulde bli verande på Torpo. Tilbake drog ein tvo- Å
æring (ein tvo års fole) klokkone so lett som dertil.
Då Ål vart hovudsokn 08 Torpo anneks, vart det |
freista å flytja klokkone til Ål, men det gjekk
same leids.
HANS MED ALL SKAPLEGHEIT |
Hans med all skaplegheit vart kalla so av di han
so jamt så: «med all skaplegheit». Han var frå |
Torpo. |
Ein gong vart han teken inn i berget til hauga-
folket og var lenge hjå deim. Når dei var ute 08
hyra etter levemåte hjå kristna folk gjekk dei
sjølve gjenom læste dørar, når det berre ikkje var
kross på døri, men Hans med all skapleghet fekk
dei til å gå inn å stela der det var kross på dørine,
for han var kristna, han, må vita. |
|
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>