- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
51

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

bl

ANDRES BAKKEN

På Sudndalsåsen, høgt til fjells, ligg ein gard
som heitar Bakken.

Andres var berre småguten og skulde upp I
skogen med dugurds-mat til far sin — han heldt
på med kolabrenning der uppe. På vegen sette han
matspannet frå seg ved ei furu. Det var so fine
tuppu (konglor) på denne furua og desse vilde
guten ha å leike med. Rett som han stod der fekk
han sjå ein stor buskap, ei vén stølsbu og ei fin
gjente, som hadde mosebrun stakk og bar ei mjølke-
ringe på armen.

Guten stod lenge og såg på dette og undrast. Før
hadde han ikkje set anna enn skog her, og anna
enn skog såg han ikkje her sea heller. — Buskapen
der i bygdi var elles på høgfjellet denne tid av året,
so han grunda svert på dette: Då han kom fram til
far sin fortalde han um det han hadde set. «Du må
ikkje ta de’ te å ljuge, gut!» sa far hans strengt.
Men guten stod på sitt — at han hadde set det
alt i hop.

KRISTI VERPE

Kristi Raunsgard i Ustedalen var født og upp-
vaksen på Verpe, som er grannegarden til Rauns-
gard. Ein gong i sine barneår gjekk ho frå Verpe
nedover til heimstølane — Fekjadn. Best som ho
gjekk i sine eigne tankar, fekk ho sjå eit kven-
de koma ridande i tverrsal på ein skimlut gamp.
Kvinna var ung og vén, men Kristi kjende henne
ikkje. Ho var i serkjeermane og hadde raudt skaut.
Smågjenta stirde på den framande og undrast på
kven det var som kom denne vegen. Men då ho såg
burt frå henne ein augneblink, var ho kvorve stums
burt. Dette var ljose, solblanke dagen i fyrstningi

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0055.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free