Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
54
bygdar i dalen. Dei næraste skyldfolki og gjester
langveges frå kom til vanleg kvelden fyre brudlaups-
dagen, men dei fleste gjestene kom ut på morgo-
nen brudlaupsdagen. Ute på tunet stod det ein kar
og løyste eit skot for kvar gjest som kom. Tvo
spelemenn stod på trappi og spela på fele heile tidi
medan gjestene kom. Fyretalsmannen — den frem-
ste av dei tvo kjøkmeistrane, slo i og skjenkte
gjestene brennevin etter kvart dei kom, og so vart
dei synte inn i brudlaupsstugu. Her stod brud og
brudgom ved framskåpet og tok mot gjestene og
synte dei til sætes. Då alle var komne, bar det til
bords. Brudeparet sat i høgsætet. Med det same
dei sette seg vart det løyst eit skot ute på gards-
tunet.
Karane sat på krakken framfyre bordet, kvin-
none i benken upp-med veggen. Brudemenn og
brudekonor sat nærast brudeparet. Fyrst skjenkte
fyretalsmannen alle ved bordet, so heldt han ein
tale med gudeleg svip um brudeparet sine dygder
og enda med å ynskja brud og brudgom til lukka.
No bar det til kyrkjes. Anten reid brudeferdi på
hesteryggen eller rodde dei i båt — det var berre
kløvveg gjenom dalen på desse tider. Frå garden
Ve, som ligg nærast kyrkja, gjekk brudlaupslyden
til kyrkja. Fyre gjekk dei tvo spelemenn som spela
ein marsj, so fyretalsmannen, etter han brudgomen,
so bruri med ein brursvein på kvar side, so fylgde
brudemennane, brudkonone, brudesveinar og brude-
gjentor og so brudlaupslyden med rang etter ætt
og velstand.
Spelemennane vart ståande ved kyrkjegards-
porten og spela til vigsla inne i kyrkja tok til.
Etter vigsla var brudlaupslyden inne på garden
Ve og vart traktert og so bar det heim til brud-
laupsgarden. Den eine kjøkmeistaren hadde vore
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>