- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
57

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

57

kane som fyrst vart avleggs — det er umlag 80 år
sea denne skikken var i bruk.

Den trea brudlaupsdagen skulde alle gjestene på
stabben.

Det vart ropt upp par for par — allstøtt ein kar
og eit kvende, og dei vart sette på kvar sin stol.
Medan dei sat der vart dei skjenkte øl og dram, og
so måtte dei danse: Medan dei sat på stabben skurra
spelemennane slik på felone at det skar i øyro,
og felone skalv. Alle, både unge og gamle måtte på
stabben.

Det var fyretalsmannen som stod for uppropet.
Når ein kom til ungdomen galdt det å styre det
slik at det vart so høvelege lag som råd var; var
det aldri so lite millom ein gut og ei gjente vart
desse jamt sessa saman på stabben. På dette vis sa
laget dei: «Me veit det nok! me veit det nok!»

Dei gamle brudlaupi vara minst tri dagar — jamt
vika til endes. Bruri hadde sylvkrune, sylvbeltor og
mange sylgjor av sylv. Ein lånte bruresylv frå
Buøyn eller Ringnes — og det hende — frå Sigdal.
Brudestasen var den same i Flå og Nes og fleire
bygder. Ein gav ein dalar i leige for «eit sylv» d. &.
full brudestas.

KVARETEIG-MANNEN

I gamal tid var det jamt store uår og hungers-
tider, då folk ikkje hadde anna til grøn (mjølmat)
enn borkebrød og beinmjølbrød. Det var mjølkemat
og kjøt som heldt liv i folk, for i bork og bein er
det saktens skral føda, mjølmaten var helst berre
magefyll. Som ein kan tenkja seg, hadde folk det
i dei dagar leidt og vondt. I byane fekk ein kjøpt
litegrand korn frå utlandet, på bygdene ingen ting.
Det var ei stor hending i dei dagar når ein bonde

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0061.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free