- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
65

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

65

- tok med seg sylvet sitt og andre verdfulle ting og
for upp i Jungsdalen, bygde seg ei steinhytte og
slo seg ned her. Han livberga seg med jakt og
fisking. Av og til sneik han seg ned i bygdi —
soleis var han både i Leveld og Lærdal og kjøpte
eitt og anna han hadde bruk for. Ingen nemnde
noko, alle tykte synd um han.

Han hadde ikkje budd lenge i Jungsdalen før
det kom ein lærdøl, heitte Petter Bø eller Bø”n,
upp på fjellet her på reinsjakt. Han råka på Øyvind
og dei vart snart godvener. Bø’n budde av og til
heile månaden i hytta hjå Øyvind, og so gjekk dei
på jakt saman.

Slik gjekk det år etter år — Bø’n kom att og
budde hjå Øyvind og hjalp han på ymse vis til
matberging med slikt som salt, smør o. åa. og Bø’n
fekk reinshuder att for dette.

Gurigard’n var lyst fredlaus i 20 år, då dei var
ute kunde han fara heim og bu trygt på Gurigard.
Det var lange og tunge år i einsemd der uppe i
fjellet, men til slutt var det siste året her på det
næraste trøytt. Det var berre att eit par dagar, då
Bø’n og tenestguten hans endå ein gong kom upp
til Gurigard’n, og låg i hytta hans um natti. Um
morgonen då dei skulde fara att, sa den venesæle
Gurigard’n: «Ja no kjem du vel ikkje upp til meg
oftare medan eg bur her i fjellet, Petter. No skal
du ha takk for all hjelp og all tenest du har gjort
meg, og du skal ikkje ha gjort det for inkje. Bg
vil syne deg at eg er mann for å betala for vene-
tenester». Og so synte han fram alt sylvet og alle
pengane han hadde gøymt i steingarden. Bø’n og
tenestguten bad no vel-leva og gjekk. Gurigard’n såg,
som skikk var, ut etter dei med” dei för, og han
steig uppå taket til hytta for å kunne sjå lenger
etter dei i det blanke, klåre solskinsvéret. Han sette

5 — Hallingdal og Hallingen.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0069.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free