- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
68

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

68

halve Älsgjeld var stemnd inn til å vitne. Men det
vart same endelykti: Endå alle hadde høyrt um
medferdi Håvardsgard’n hadde gjevi Petter Bø,
svara alle som ein at dei inkje hadde høyrt og ingen
ting visste um dette, dei vilde ikkje vitne mot hal-
lingdølen som hadde hemna mordet på Øyvind
Gurigard, og med det fall saki. Ola Håvardsgard
var ein stor, røseleg kjempekar og vog sine 18
bismarpund.

Endelykti — utfall — resultat.
1 bismarpund = 6 kg.

GJENTONE SOM VAR UTE I TENEST

Det var ein gong ein mann som hadde tvo døt-
tar. Den eldste skulde ut i tenest. Eit stykkje burt
i vegen var det ei grind ho skulde igjenom.

«Lat meg sakte upp, lat meg sakte att
elles so dett eg i hundre knas»,
sa den gamle grindi. Men det brydde kje gjenta
seg um, ho slo grindi att det hardaste ho vann.
Då ho kom til den garden der ho skulde tene laut
ho fyrst til å bera vatn i eit sold. Medan’ ho stod
der og auste, kom det ein liten fugl og kvittra:
«Klin med leir,
klin med leir!»
Men gjenta brydde seg ikkje um kva fuglen
kvittra um, og vatnet rann ned.

So ein dag skulde ho til å veva. Då kom fuglen
atter kvittrande:

«Vev med stikke og strå,
so vev du snøggare tå!»

Men dette brydde gjenta seg heller ikkje um, og
det vart seigt og lenge før ho fekk veven ned.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0072.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free