Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
13
ned so mykje lærdom i ein prestegard på landet
i Noreg. Og dette var so sant som det var sagt.
Han fekk store innkomster og levde godt på all-
skens bymat, so mykje han berre hadde hug på,
og folk reiste lange vegar for å få høyre denne vid-
gjetne, lærde mannen på preikestolen. Men so slo
han seg på ovdrykk, so lærd han var — det var
vel laga ei freisting i vegen for han og. Han supte
og drakk og gjekk og vabba full kvar einaste dag
året rundt, og dei som var ovundsjuke og missunte
han hans store lykke i denne verdi vart glade, — no
kunde det vera von for dei å koma framum han.
Folkesnakket um presten kom ogso for kongen,
som heldt mykje av han. Og kongen vilde naudleg
tru det. Men so vart det sytt for at kongen fekk sjå
presten so full som nokon kunde vera.. Det gjorde
kongen svert vondt, men det var ingen råd med
det — presten måtte ha avskil, so lærd han enn
var. Men no var det slik med det, at endå um ein
prest drakk som ein svamp kunde han ikkje gjevast
avskil berre for det, han måtte ogso ha gjort noko
gale i embetstenesti.
Ein sundag såg kongen presten so full at han
raga i gata. Då vart kongen so harm at han gav
påbod at presten skulde preike til høgmesse då
med det same og kongen vilde sjølv vera til stades
og lyda på preika. Det laut bli slutt på dette leve-
net, og kongen og andre var visse um at presten
kunde ikkje preike i dette høve.
No ja, presten rusla til kyrkja der prestefrua
med gråt og tåror fekk prestekjolen på han. Men
presten var so gladverug at han famna um henne
og svinga seg i dans med henne på sakrestigolvet,
og so vart ho glad igjen ho og. — Han greier seg
nok for alle i hop her inne, tenkte ho, og slengde
med hovudet med ho steig inn i koret.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>