- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
86

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KE on snmhin s

86

etter 55 riksdalar for kyra. Dei selde so kyrkja att
utan kyrkjekyr. Frå no av vart det helst ei byrde
å eige kyrkja og ho gjekk i handel frå mann til
mann. Ikring 1790 kjøpte sokneprest Hofgård ein
fjordepart i kyrkja av Stein Sønderol for 46 riks-
dalar, ein fjordepart kjøpte han ogso av bonden på
Kyrkjeluten. Den andre halvparten heldt på å gå
i handel. Hofgård vølte um kjyrkja på ymse vis
og gjorde ho større. Skipet som no er fekk han
tømra attåt, det upphavelege skipet vart kor og
koret sakristi. Ein byggmeister heitte Rabben, sa
ein kveld at han vilde flytja koret, som no er
sakristi, heilt, utan å ta det ned, og dette vilde
han gjera åleine. Um morgonen var det kome på
plass, og Rabben let som det var løynde maktir
som hadde hjelpt han, men han hadde berre lagt
rullar under og skrubba det på plass.

Då sokneprest Hofgård flutte frå Ål til Sigdal
tok han med seg lysekruna frå Holskyrkja, som
han åtte. Lysekruna heng den dag 1 dag i Sigdal
kyrkje. Holkyrkja fekk ei tarvelegare lysekrune
i staden.

I året 1882 kjøpte Hol kommune kyrkja av dei
private eigarar.

Kyrkja har framleis lite grand tiend og lands-
skyld av nokon gardar og vinskatt av husmenn og
lausekarar. Heradstyret gjorde samrøystes vedtak
um å leggja ned dette kravet på vinskatt, men stifts-
direksjonen meinte, heradsstyret ikkje hadde rett
til å taka burt denne skatten.

Endå um Holkyrkja er umbygd og tilbygd, må
ein segja det er ei stilleg og ven kyrkje. Preike-
stolen står rett over altaret.

Den gamle altartavla er stygg. Biletet skal
syna innstiftingi av nattverden, men apostlane ser
ut som drukne menner, som har fått ein storfugl

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0090.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free