Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
102
Oddnulf det inn i løa på Karigarden. Gutane kom
til stades og såg på dette, men dei torde ikkje øjera
han noko eller hindre han, for hadde dei meda på
slikt hadde dei berre fått juling, det visste dei.
Ein vår kom det burt ei kyr for kona hans Ola
Uppheim, då ho sat med buskapen på Helsingset.
Det vart leita både vidt og breidt etter kyri, men
ingen stad var ho å finne. Ein dag då kona var
uppe ved Stakkestøhovda og såg etter kyri, vart
det ropt til henne: «Her æ branda di, o kalven henne
lyt få leva, og inkje må de selja han helde, han
skaffa dikko lykke so lengje de hava han!» Då
kona såg til gjekk både kyri og kalven der uppe
i hovda, men ikkje eit menneskje var å sjå. Og her
som kona hadde gått og leita for eit lite bel sea!
Folk trudde for visst det var ho Stakkestømari som
hadde ropt til Karigard-kjæring:i.
(Hermed slutta 2. hefte av «Hallingdal og Hal-
lingen», som kom ut i 1891 og vår prenta i O. Steens
Bogtrykkeri, Drammen).
LOVBOKI VAR NEVANE
Ein kan trygt segja at i gamal tid var lovboki
— mnevane i Hallingdal. Den som hadde styrken
kunde gjera kva han fann for godt og ta seg til
rettes som han vilde.
Ein sterk og før kjempekar kunde sale sin hest
og ride burt til ein annan og by han ut til å slåst
med seg um gard og grunn. Dersom han tapte, som
var bydd ut, tapte han ogso garden.
Det var nok so han kunde undslå seg for å slåst,
men det vart sjeldan eller aldri gjort, for det vart
akta for skam.
Den sterke kunde kanna til seg annan manns
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>