Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
108
heldet var so fekk eg høgre handi ned i svelget på
han og dermed rengde eg han og let han gå». —
«Såg du noko til denne skrubben seinare?» spurde
lensmannen. «Ja, eg såg ”n ein gong til og då var
”n begynt å hye seg — ja han var dugeleg loen på
vrangsia», svara Hagamannen.
Lars Bråtalien og ein felagen hans kom ein gong
frå Tannbergmoen, der dei hadde vore på eksis og
fekk natteherberge på Haga. Um morgonen spurde
Lars Hagamannen um det hadde vore nokon bjørn
på ferde der i traktine. «Ja, svara Hagamannen,
no skaut dei 4 stykkje tett burtanfor loftet her».
Lars fortalde då at han og felagen hans hadde råka
på ein bjørn nedanfor Nes, og denne hadde dei rivi
augo ut på og late gå sin veg. Og so hadde dei lagt
bjørneaugo på bordet til sorenskrivaren medan tin-
get stod på. For dette karstykket hadde dei fått
10 dalar. Då gjekk Hagamannen, han trotta ikkje
at nokon gjekk han i næringi. Det var vanen hans
å gå når han hadde skrøna rettig gjøleleg.*) Han
hadde for vis å segja: «No har de fått nok, no
får e gå».
*) Kraftig, overlag.
GUNNØR TRAGETON
Gunnør Trageton var ei robust og sterk kvinne.
Ho hoggde tømmeret til ei stugu som til no nyleg
har stått på garden her.
Ein gong skulde ho gå frå Tragetonstølen i Buda-
len og heim, endå ho var høgst fremmeleg, og ho
fødde på vegen ved Håmyri ovanfor Kvisli. Men
Gunnør vart ikkje liggjande i myri. Ho stod straks
upp, tulla barnet inn i stakken sin og gjekk heim.
Endå ho gjekk framum fleire gardar der i Kvisli
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>