Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
131
vore til å sjå på langsameleg tid og difor har fleire
våga seg til å leite etter skatten, men dei er ikkje
komne langt inn over fyrr det er mørkt som svarte
natti, og dei har kje funne noko. Eit par unge gutar
var der uppe for nokon år sea, men då dei kom so
langt inn at dagslyset ikkje nådde til lenger kasta
dei stein inn etter og det lyddest som steinane
trilla lang veg på ei steinhelle.
VATSFAR-BØNDANE
I Vatsfaret, der det no bur berre ein 3—4 mann,
var det i gamle dagar 40 bøndar. Det er tydelege
merkje etter ei grend der uppe. M. a. har ein funne
mange øldu og tømra brunnar her, og ved kvar
brunn har det vore ein gard eller eit bruk.
På same vis som bøndane i Vidalen og på Hele-
strandi køyrde Vatsfarbøndene til kyrkjes joleda-
gen med singlande ringskodde hestar. Men upp. frå
Vatsfaret var det alt for ulendt til at dei kunde
hava sylvringane i hesteskorne, difor heldt dei rast
uppe ved eit berg som enno i dag kallast Klingen-
berg, her batt den eine etter den andre hesten sin
og sette ringane i skorne. So snart alle var ferdige
med dette køyrde dei med sine 40 ringskodde hestar
i rad og rekkje til Flå kyrkje.
Øldu, fleirtal av olde (kjelde).
KOLSRUD-GJÆTAREN
Kari Kolsrud sat på stølen med kreturi. Ein kveld
gjætsleguten hennar var upp i mot fjellet og skulde
leite etter sauene kom han gå-ande over ein mo
der det var over lag svær og tettsett skog, so han
såg berre nokon stripor av den blåe himelen hist
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>