- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
139

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

189

vér elles, kan ein sjå liane speglar seg i vatnet her,
frå grendi ovanfor.

Høvsfjorden når no ikkje lenger upp enn til midt
ned for garden Brattåker, men i gamal tid nådde
han heilt. upp til midt for garden Villand. Rett ned
for Villand ligg ein haug ved elvi som kallast for
Båtstøhaugen. Her var det båtstøe i dei tider. Stor-
elvi eller Hallingdalselvi hadde då — medan Høvs-
fjorden nådde til Villand — faret sitt ved den sør-
vestre sida av skoglii her. Her bygdevegen og grendi
no ligg var det truleg ein sver jordbank. Umlåg år
1500 er det so kome ein overhendig storflaum, som
har rive med seg denne jordbanken og laga nytt
får for elvi. Sea har det gamle elvefaret ligge som
eit grøt og er i det siste tilvakse med skog. Her —
i det gamle elvefaret har ein funne ei sver jette-
gryte, og dette ogso er sjølvsagt eit prov for at
elvi ein gong har gjengi her.

Jarnvegslina for Bergensbana er ein gong stikka
framum denne jettegryta.

Då Høvsfjorden eller Hagavatnet, som denne hei-
ter i gamle dokument — nådde upp til Villand, dreiv
heile grendi fisking i fjorden. Men etter storflau-
men, då fjorden vart mindre, vilde Brattåkerbon-
den ha fisket åleine. I året 1516 la difor Børger Vil-
land og nokon andre bøndar i Høve i lag med han,
som hittil hadde havt fiske i fjorden, sak mot Aslak
Brattåker og påstod seg tilkjende fiskerett i Høvs-
fjorden. Men Aslak Brattåker vann saki. Kvar
einskild gard skulde ha fiskerett i vatnet og elvi
rett ned for garden sin, men inkje meir.

I dei tider då Høvsfjorden nådde upp til Villands-
eigo, låg vegen — som elles ikkje var anna enn
kløvjeveg — uppe i liane. Då ein kom fram til Søre
Mørk svinga vegen upp over Brattåkerjordene, og
her var det berre svaberg mange stader — retteleg

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0143.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free