Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
141
Daniel Larsgard vart gift med Synnøv Nerols-
haugen og dei levde lykkeleg saman. Dei budde i
Hølun i Nord-Hovet. Synnøv døydde for so ein 40—
50 år sea.
Daniel har sjølv fortalt dette til Tor Villand. Han
fortalde ogso at då Synnøv synte seg for han den
fyrste kvelden han sat jolestugu, hadde ho utslege,
gult hår som nyss var vaska. Ho hadde just halde
på med å vaske håret sitt då ho måtte stad å syne
seg for Daniel Larsgard.
Å GÅ MED BRØDLEIVEN
Å apa seg eller gå rangsøles joleftdags kvelden var
ei åtgjerd so ein kunde få sjå kven ein skulde ha
til ektefelle.
Ein tok til ved døri, apa seg og gjekk slik
rangsøles (mot soli) tri gongor stugu rundt med
ein brødleiv, og sa:
«E går i djevelen sitt namn,
han skal skaffe meg min kjærast fram».
Då fekk ein sjå kven ein skulde hava.
DEN BLINDE OG ST. TOMASKYRKJA
PÅ FILEFJELL
Det budde ein gong ein blind mann på Rygg i
Kvisli (Hol). Han fekk nokon til å fylgja seg åt
St. Tomaskyrkja på Filefjell. Då han kom fram
fall han på kne i bøn ved altarringen og lova ein
stor pengesum til kyrkja, dersom han kunde bli
sjå-ande.
Og alt med det same han reis upp atter, såg
han alt som i kyrkja var, grant og tydeleg. — «No
ser eg like godt som de! ropa han til sine reise-
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>