Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
147
Han reiste seg og vilde gå heim. «Men fyst vil e
bea velfar mæ beste venen min på jor’en», sa han
og ruska i Knut Naustedokken. Men Knut var —
som Asle ogso var redd for — steindaud.
Dette hende i 1768.
Det vart no uppstyr 1 gravølet kan ein veta.
Ein visste ikkje for visst kven som hadde gjort
ugjerningi, men ein vart samd um at alle gravøls-
folk skulde samlast kring liket morgonen etter. Og
um morgonen kom alle so nær som Asle Medhus.
Honom såg nokon setja til uppover liane ovanfor
Kvisli, då hine gjestine samlast kring liket av
Knut Naustedokken for å ta på det. — Det var
nemleg ei vanleg tru på desse tider at når ein som
var uskyldig i brotsverket sette fingen på liket,
var det ikkje noko uvanleg å leggja merke til, men
var det mordaren då valt det frau ut or munnen
på liket. Difor var det at Asle Medhus ikkje torde
møte fram på Kaupang og ta på liket av beste
venen sin. Men no skyna alle at Asle var dråps-
mannen. Det vart skikka bod til lensmannen og
Asle vart fakka og sett i arrest på Nerolshaugen.
Då Guttorm Medhus såg lensmannen kom dras-
sande med Asle bror sin, som no skulde i arrest
for skuld same lauslynde kvinnfolkmennesket, stod
han og mol på ei handkvern. Med det same dei kom
inn hurdi heiv Guttorm handkverni mot lensman-
nen. Men lensmannen var sjølv ein handfast kar,
han tok fram fyre seg med hendane og slengde
handkverni attende so ho för lukt i den motsette
veggen. Det synte merke i veggen heilt til stugu
vart rivin for nokon år sea, då Nerolshaugen var
seld til prestegard for Hol.
Asle vart dømd til slaveri på livstid. Guttorm
var på slaveriet so lenge Villandstuften levde, då
han var død og gravlagd, var han fri. Då Asle kom
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>