- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
155

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

155

måtte køyre varsamt her i svingen. Dunker svara
at han skulde nok klare dette, og køyrde endå for-
tare. Men just no var dei komne i tverrsvingen og
kjerra gjorde eit hopp so kapteinen spratt or kjer-
ra, som ei flis, og langt ut på fjorden. Og Kaptein-
spranget heiter det her den dag i dag.

MARGIT HELLE

Margit Embriksdotter Helle frå Lio i Hol, var
ei gamal kvinne som ikkje var heilt vetug. En kveld
i 1750 var ein smågut 1 9 års alderen, ho var god-
mor til, med henne i fjøset og her erta han henne,
so ho i fullt sinne slo guten i hel med eit handøvle.
Endå ho slettes inkje var vetug vart ho dømd til
dauen for dette dråpet og avretta på ein haug tett
ned for Holsfjorden, der vegen tek av til Kvisli.

Denne tid var Lars Haga lensmann i Hol. Det
vert fortalt, at då skarprettaren kom upp over og
skulde avrette Margit, hadde han natteherberge
hjå lensmann Haga. Lensmannen tok 83 riksdalar
for nattherberget og dette totte skarprettaren var
reint for mykje. No hadde han sjølv rett til å av-
gjera kor avrettingi skulde gjerast og for å hemne
seg på lensmannen vilde han stelle seg til med dette
tett utanfor stugudøri der hjå lensmannen. For å
få endra dette, slik at avrettingi skulde gå fyre
seg på haugen der, eit stykkje frå garden, laut
Lars Haga betala skarprettaren 3 dalar, slik at det
1 røyndi ikkje vart noko for natteherberget.

Då Helle-Margit skulde førast til rettarstaden
leidde Tor Rue frå Hole henne. På vegen så ho:
«Gji me ei tobakstugge, Tor, for dæ vil reint gå
på me dette».» Ho fekk ynskje sitt uppfylt. Um
lensmann Lars Haga vert det elles fortald, at han
hadde 3 gardar — Haga og Dal i Kvisli og Guri-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0159.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free