Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
172
tenestguten ut um døri og kom trast inn att med
den greide at det gjekk ei smågjente ute og gret.
Då gjekk alle ut for å få sjå og tala med gjenta,
men ho svara ikkje eit ord, berre øret. Dei fekk
henne endeleg overtald til å bli med inn. Her fekk
ho varme seg ved eldsmælet på peisen og kona på
garden fann fram mat til henne, det beste huset
formådde. Dei fekk gjenta til bords og, men dei
fekk ikkje ord av henne, alt dei grov og spurde,
ho berre åt og gret.
Um eit bel kom det inn eit kvinnfolk som var
so diger og stor at det var ikkje meir enn ho kom
seg inn gjenom hurdi, og ho måtte krøkja seg. Ho
bar ei stor mjølkeringe på armen. No vart gjent-
ungen svallug med ein gong, tok til å fortelja kor
snille og gode dei hadde vore med henne her på
Torpo. Den framande sa då at kjæringi her skulde
få mjølkeringja hennar, og so lenge denne ringja
var på garden skulde det ikkje tryte mjølk hjå dei.
Ho hadde ikkje meir enn sagt dette so kvarv dei
båe — både ho og gjentungen som sokkjen i jordi.
Men på Torpo vart det mjølk nok, både vinter
og sumar.
Svallug — pratsam. —
TORKJEL JUVEN
På Fekjo, ned for Tufto i Ustedalen, er det 9
svere gravhaugar etter ribalene — leigeheren til
kong Sverre — det fall mange av dei her.
Fleirfoldige gonger har det vore freista på å
grava her, men alle som har teke til med dette er
vorten skremde frå arbeidet.
Torkjel Juven freista og ein gong, men då han
kom so djupt at han høyrde det skramla i ein
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>