Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
181
I Per den 2. si «regjeringstid», i 1770-åri, var
dei so ille plåga av skabb på sauene i Kvelprud og
ingen rådbøter vilde hjelpe. No var det ei love-
kyrkje på Fillefjell — St. Tomaskyrkja, og ein gong
kvar sumar var det messe her — syftesok, fyrste
sundagen i juli månad. Per og kona var her tvo
gongor, som me veit um. Det strøymde mykje folk
til messa her frå Valdres og Hallingdal og andre
landsluter, fordi folk trudde dei med lovnad um
gåvor kunde få hjelp mot plågor av ymse slag. Folk
tok med seg heim flisar av veggjine og gjyvt av
av veggjir og dørar lange vegjer.
I året 1776 för Per og kona til St. Tomaskyrkja
og ofra eit fint altarklæde, som er til endå. Altar-
klædet har denne innskrifti: «Foræret St. Thomas
af dend Dannemand Peder Torkelsen og Anne
Botolfsdatter Qvelprud i Ål, Hallingdal dend 2 den
July 1776». Då St. Tomaskyrkja vart riven ned,
kom altarklædet og anna innbu til Vang kyrkje i
Valdres. For nokon år sea er elles altarklædet seld
til kongen av Preussen, so det truleg er å finne i
oldsamlingi til Tyske-keisaren.
Segni segjer at sauine i Kvelprud vart kvitt
skabbet då altarklædet var gjeve til St. Tomas-
kyrkja.
Etter Torkjel den 3. fekk Per den 3. garden. Den-
ne Per den 3. var med i krigen mot svenskane i
1811—14. Etter han fekk sonen hans Torkjel den
4. garden. Det er han som har samla og skrivi upp
ættesoga som dette var lite grand av.
Gjyvt — støv.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>