Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
191
eit par øksehogg sende Mikkel over på dei ævelege
jaktmarker.
ISAK TUFTO OG JYRUND SKJERPING
Det er so ein 2—300 år sea. På Tufto i Siregren-
di budde ein bonde heitte Isak og på Skjerping ein
heitte Jyrund. Dei var usams um eit storrslette
uppe i åsmarki, men vart samde um at dei skulde
slåg um retten på åstaden. Den sterkaste skulde
hava dette slette med Gud og rette. Dei møttest
der uppe på åsen og rauk i hop ved ein løk, som
Isak deisa Jyrund ned i. Isak vann denne saki.
Dette slåttelandet kallast Jyrundsletta og løken
(hølen) Jyrundløken den dag i dag.
For 100 år sea stod det framleis ei stugu på
Tufto, dei kalla for Isakstugu.
VIKING GRØNLIEN
Viking budde hjå mor si i Grønlien i Hol. Han
var sers sterk. På moen eingong hadde det
vore ein meir enn vanleg hard utmars, den eine
etter den andre hadde gjeve seg over. Jamvel han
Store-Klaus Halingstad var so trøytt at han stod
luta seg over børsa si, han orka ikkje meir. Då
kom Viking Grønlien marsjerande, kvik og stram
med 4 børsor på aksli — han hadde hjelpt 8 av
dei dødstrøytte felagane sine av med denne lut av
upp-pakkingi. «Du har det godt, du som er so
sterk», sa den store ragin han Klaus Halingstad.
«Kom her med børsa di du med!» sa Viking. —
Viking var so rørande barnsleg glad i mor si. I
hans tid var det øvingsplass på Tingvollo i Hol —
på nordsida av Holsfjorden. Grønlien ligg på sør-
sida av fjorden. Ein vårdag dei dreiv øving gjekk
v
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>