- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
210

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

210

Prestegardtjønnane skal ein inn til den siste tii
ha set bru-kar i ei å, og liksom leivningar av ein
flåte i ei tjønn.

Det er ikkje utruleg at Vatsfaret, Vidalen,
Strømsåkbygdi og Brekkebygdi, som ligg i rad og
rekke etter åsbrynet her, ein gong 1 tii kan ha
vore eit katolsk prestegjeld. I dei tider var det
ikkje so stor skilnad på vegane i bygdane og på
åsane, det var berre skral kløvjaveg.

Gullik Vidal, som budde på Vidals-plassen levde
til for vel 100 år sea. Sonen hans — Torkjel Vida-
len, budde ogso der og var den siste vinterbuande
i Vidalen. Torkjel var ein stortjuv. Han sat med
hest og hadde 7—38 mjølkekyr. Han slo graset over
heile Vidalen, so mykje han vann på. Han døydde
for umlag 70 år sea.

No er Vidalen ein støl. Torkjel og Narve Narve-

hus frå Flå som ogso budde der burte, stal um

kapp og delte utbyttet. Ein gong stal dei ein sekk
korn hjå Mikkel Synsteby. Han Øyvind Leknes,
Mikkel Medbøen og Ola Tromald sette etter dei,
tok kornsekken frå dei og mørbanka dei båe tvo,
so dei snautt kunde røre seg.

LEIKVOLLTJUVEN

Hallstein Bjørnson Stavadalen var upphaveleg
frå Valdres, men var komen til Torpo då kyrkja
der vart vølt, i 1776. På Leikvoll i Torpo budde ein
ram tjuv, som kom ned i kyrkja til Hallstein, gav
honom ei gudeleg bok og bad han upp til seg på øl
um kvelden. Hallstein sat der i Leikvollo til over
midnatt.

Um morgonen fekk Hallstein høyre at Leikvoll-
guten var funnen død i eit stolphus, det hadde vore
gildra mot tjuvar. Han hadde vore ute på tjuving

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0214.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free