- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
220

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

220

attmed seg. Jolegjestine bar seg åt som dei var
heime i huset. Dei benkja seg kring jolebordet og
hygde seg med all den gode maten. — Trond Høge-
hatten frå Bjøbergo var føraren, var det sjå-ande
til, han sat i høgsætet. Ei ven gjente gjekk og sette
fram den eine trøysi og bollen med øl etter den
andre. Det var i kjellaren dei hadde øltunnone sine.

Då gildet var på beste rak guten fram børsa og
sikta på Trond Høgehatten, det small og han Trond
dubba ned i benken. Då vart det ei sver røre i heile
ly’en og dei ropa i munnen på kvarandre: «Au, au,
han Trond æ dau!» -— Gjenta som styrde med
ølskjenking hadde vore ned i kjellaren og tappa øl
og kom farande upp med tappen i handi då ho
høyrde smellen og skriket og ståket. Alt joleølet
rann ned i tufti.

Fleire handfaste karar skarka no avgarde og på
dør med Trond, fekk liket på ein slea, og för av-
garde til fjells. Då dei var komne på bakkebrynet
ovan for garden ropte dei: «Stokkut jol i Kvamen
i år! Stokkut jol i Kvamen i år!» Trettande dag
jol flutte Kvamen-folki heim att på garden, og sea
har det vore stillt og fredeleg på Kvamen.

Skarka — sleit og drog.

TUFTEKALLEN PÅ NØRHEIM

I Gol er det ein stor, gild gard heiter Nørheim —
på sørsia av Hallingdalselvi. Her på Nørheim had-
de ein tuftekall slege seg ned i hestestallen og stell-
te hestane mann etter mann. Men elles gjorde han
ingen ting på garden og var sjeldan å sjå utan i
stallen og løa. Men her var han jamt på ferde.
Hestane stelte han med seint og tidleg og vilde
ikkje ha nokon innblanding av tenestguten. Og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0224.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free