- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
227

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

227

guten, som var uvan med tobakken, var so tume-
lumsk i hovudet av tobaksrøyking den gongen at
han gløymde den velsignade «husvarmen». Då han
ikkje kunde få kårkontrakti endra, flytja han i
ei liten stugu ned for Slåttun, men han vart snart
lei seg her, slo av på forsynet og flytja attende
til Geilo. Her budde han uppe på hjallen i peise-
stugun. Matsnosset hans var ikkje so flust. Fin
haust skar han umogen åker, hakka korn og halm
i ein stamp, fyllte upp i sur mjølk, briskebær og
briskenæle og kokte alt i hop til ein graut.

Der etter bar han kjeraldet upp på hjallen og
åt av denne grauten so lenge det vara. Han kokte
åt seg ved vetnetbelet og hadde av grautehevla til
over kyndelsmess. Men då hadde grauten surna.
Geiloguten åt likso ratt talg som smør, og han
bytte jamt til seg 1 mork talg i I mork smør, når
han kunde gjera folk ei tenesta med dette.

Han hadde det med å skrive visor um alt moge-
leg. Ein gong skreiv han um ustedølene, det fyrste
verset lua slik:

«I Ustedale” dei era. store,

dei kjøyre åt kjyrkjun me kariole
Kjæringji sit der mæ sitt raue skaut

0 mann” sit nemmæ som ein skrivar ell faut».

Ustedølene hadde just då fått vég og kjerre eller
kariol.
Ein gong hadde Geiloguten stole noko rug på
garden Åker i Lio. Då gingo folk burgong atter for
å finne att rugen, med dei funno ingen ting. Då

laga Geiloguten ogso ei vise, og eine verset lua slik:

«Pål den raue han gjekk på trugen,

han Sjugur” Åker han miste rugen.

Dei leitte her, men ha dei leitt meir sø’o upp
so ha" dei funne rugen snupt».

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0231.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free