- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
229

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

229

full hyre med å få alt ned i sekkjer og hitar, og —
hjelpestjuvane hadde nok med å skarke avgarde
alt tjuvegodset. Ein trudde for visst det var den
vonde sjølv, son: hadde teke på seg hundehåm, som
hjelpte til med stelingi, og han var vel ikkje for
ærleg til det — dersom han elles hadde tid og
stunder til slikt.

Tjuv-Äsmund kom til slutt på slaveriet. Ein
hemsedøl var ein gong inne hjå honom her, då var
han lekkja til ein stor stabbe.

OLA SKARSGARD

Ola Skarsgard i Nordre Vats vart samd med ein
busete som heldt til på Søre Berg, heitte Endre, at
han skulde slå eit sletté uppe 1 fjellet. Han skulde
ha betaling for visst mange teigar. Men no hender
det jamt at eit slikt slette er fleire teigar enn eiga-
ren har sagt, og har slåttekaren fyrst teke mot
betalingi, må han slå sletté um det so var dubbelt
so stort.

Endre agga for at han vart narra av Skarsgar-
den og vilde ikkje gi sitt endelege ord då med sama
— han vilde sjå på det.

Dagen etter fekk han ein mann med seg til å
mæle slettét. Dette fekk Skarsgarden vismun um,
og fekk med seg Sjugurd Randen og klådde til etter
og la seg på veg for Endre og felagen hans, der
dei skulde koma. Då dei kom, flaug Ola og Sjugur
på dei og vilde jule dei upp, men kniven sat laust
i sliri hjå Endre, og Ola Skarsgard fekk ein kniv-
styng so han måtte berast heim. Han låg lenge
sveva millom liv og død. I denne tid var Endre Berg
ein fredlaus mann og heldt til uppe i fjellet. I ny
og né var han nedum Berg etter mat og hjelpte elles
mannen på Berg med slåtten uppe i åsen. Han

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0233.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free