Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
251
han hadde bygt upp i 40 år. Det var då Hauge
svara, at då hadde han bygt dårleg. Etter Fingar
var Mikkel Olson frå Valdres klokkar i Nes i lang
tid. Han var ogso ordførar og valmann for Nes i
mange år. Klokkaren på Nes no heiter Arneson
og var fyrst klokkar i Hol. Inn til 18386 gjorde
klokkaren i Nes ogso tenest i Flå, Gol og Hemsedal
kyrkjor.
GUNNAR TUNE OG TUNE-BORKEN
Gunnar Tune var ein rik mann. Han åtte Tune,
Breiehagen og Knutsgard-Nos i Älsgjeld. Han åtte
ogso ein merkjeleg hest — Tune-Borken. Ein gong
var Gunnar hjå skyldfolki til kona, på Nyhus i
Torpo og kravde arven til kona betalt. Det vart lite
med pengar han fekk, men so mykje meir av bren-
nevin, og han sjangla mest sanseslaus ut på sleen
då han skulde køyre heim att til Tune um kvelden.
Då han var komen på heimveg, so langt som til
Torpemoen, valt han av sleen og vart liggjande i
vegkanten. Borken stana med det sama, stod ei
stund og såg på husbonden sin, men då han skyna
at han ikkje kunde hjelpe seg sjøl snudde han på
seg so mykje han fekk tak i trøya hans Gunnar,
beit til og slengde han uppå sleen, og so för han
avgarde att i sterkt trav. På Tune hadde dei lagt
seg då Borken kom heim til gards med den drukne
husbonden sin, dei venta ikkje Gunnar heim att
den kvelden. Borken skyna kor mykje det gjaldt,
drog heilt fram til dørhella og skumpa til døri,
kneggja og grov og gjorde so mykje bråk han
kunde, so husets folk skulde vakne. Då folk kom
ut var Gunnar reint stivfrosen i den svere kjøldi
og han var ikkje ved sans og samling før langt fram
på næste dag. Dersom ikkje Borken hadde teke
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>